Bakgrunnsartikkel

Den gåtefulle sporven

Edith Piaf døydde berre 47 år gammal. Den vesle kvinna med den store stemma levde eit tøft liv fullt av skandalar, kjærleiksforhold, ulykker og rusmisbruk. Men mykje i livet hennar er ukjent, og mange av mytane som omkransar ho, har ho bidrege til sjølv.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Édith Giovanna Gassion kom til verda i Paris 19. desember 1915. Legenda seier at ho blei fødd under ei gasslykt, på trappetrinna til heimen sin i arbeidarstrøket Belleville. Ein ambulanse trekt av hestar kom aldri, og to politikonstablar måtte trå til som fødselshjelparar. Dette er Ediths eigen versjon, vel å merke. I fødselsattesten hennar står det at ho var fødd på sjukehuset Hôpital Tenon i det 20. arrondissementet.

Faren var gateakrobat med bakgrunn frå teateret, mora ei italiensk songarinne og sirkusartist. Mora forlét dottera rett etter fødselen, og Edith budde ein kort periode hos mormora, som visstnok var sterkt alkoholisert og knapt gav barnet mat.

I dette huset, på 7 rue Saint-Michel i Normandie, budde Edith i bordellet farmora dreiv. Foto: Parisette/Wiki Commons

To månadar gammal, da faren blei innkalla til den franske hæren under første verdskrigen i 1916, blei Edith plassert hos farmora. Ho dreiv eit lite bordell i Bernay i Normandie. Bordellet hadde to etasjar, sju rom og rundt ti kvinner som jobba der. Dei prostituerte tok seg av det vesle barnet, og sjølv meinte Edith at den store appetitten hennar på menn seinare i livet var noko ho lærte frå åra på bordellet.

Historia seier at Edith var blind frå augnekatarr da ho var mellom tre og sju år. Dei prostituerte samla inn pengar for å ta ho med til grava til Sankt Teresa av Lisieux. Denne heilage staden hadde blitt eit pilegrimsmål der mirakel kunne skje, mellom anna at blinde barn blei lækja. Ifølge Edith sjølv var det nettopp eit slikt mirakel som gav ho synet tilbake.

Livet på gata

Allereie i sjuårsalderen kom faren og henta Edith. Han meinte at ho no var gammal nok til å bidra i sirkusnummeret han turnerte gatene med. Dei neste åra reiste dei rundt i heile Frankrike, og det var her ho begynte å synge offentleg for første gong. I starten framførte ho nasjonalsongen «Marseillaisen», som var den einaste songen ho kunne.

Da ho var 15 år, møtte ho Simone Berteaut, «Mômone», som kan ha vore halvsøstera hennar, men som heilt sikkert blei hennar medsamansvorne dei neste åra. Saman turnerte dei gatene og tente pengar til livets opphald. Dei auka inntektene ved å sjå triste og medtekne ut. Edith song med hendene på ryggen og eit alvorleg ansiktsuttrykk, Simone bøygde hovudet sidelengs for å sjå ekstra vemodig ut.

Allereie som 17-åring fekk Edith sitt einaste barn, dottera Marcelle. Faren var ein ung gut, Louis Dupont, som ville at ho skulle ta seg ein ordentleg jobb og slutte å synge på gata og tvilsame klubbar. Det ville ikkje Edith. Ho forlét Louis, tok med seg dottera og venninna Simone og flytta inn på eit hotell.

Edith jobba på nattklubbar i Pigalle, ved foten av Montmartre i Paris, medan spedbarnet var aleine igjen på hotellrommet. Til slutt henta Louis dottera og sa at om Edith ville ha barnet, måtte ho komme heim. Edith kom ikkje tilbake, men ho betalte for barnepass. Marcelle døydde to år gammal av hjernehinnebetennelse.

Seinare i livet skal Edith ha sagt at ho prostituerte seg for å betale for gravferda til dottera. Ho fekk aldri fleire barn.

Illustrasjon av nattelivet på Montmartre av den franske kunstnaren Xavier Sager. Foto: Xavier Sager/Wiki commons.

«La Mome Piaf»

Da ho var 19 år gammal, i 1935, blei Edith oppdaga av nattklubbeigaren Louis Leplée. Han var ein sentral person i undergrunnskulturen på Montmartre i 1930-åra. Dette området i Paris var kjenneteikna av fritenkande, bohemsk kultur og eit lyssky natteliv som tiltrekte seg alle samfunnsklassar. Klubben Le Gerny’s skal ha vore eit nav for prostitusjon, utpressing, mafiaverksemd – og kabaretsong.

Leplée såg potensial i den vesle kvinna på 142 cm med den store stemma. Han signerte ho under scenenamnet «La Mome Piaf», fransk slang for «den vesle sporven». Han lærte ho det grunnleggande ved å opptre på ein scene og introduserte ho for den svarte kjolen, som skulle bli eit av hennar varemerke. Edith kalla han Papa Leplée.

Før debuten hennar på Le Gerny’s køyrde Leplée ein stor reklamekampanje. For den gatesmarte Edith var ikkje klientellet på desse klubbane noko nytt. Men å vere hovudattraksjonen på plakaten hadde ho ikkje opplevd før, og ho var nervøs.

Men den vesle sporven blir raskt det store trekkplasteret. Ein kjent platedirektør får høyre ho, og same år speler ho inn sine første plater. Snart er stemma hennar på radio, og ho kan lese om seg sjølv i avisene.

Men berre eitt år seinare blir Leplée myrda heime i si eiga leilegheit. Saka blir aldri løyst, men politiet mistenker at det er folk i mafiaen som står bak, som også har koplingar til Edith. Midt under eit show på Le Gerny’s stormar politiet inn, og i full offentlegheit blir ho arrestert, mistenkt for medverknad til drapet. Sjølv om ho blir reinvaska og sjekka ut av saka, får skuldingane mykje negativ mediemerksemd.

Heile karrieren til «La Mome Piaf» er no tett på å bli lagt i ruinar.

Å reindyrke rolla

Edith må reinvaske imaget sitt. Ho får hjelp av låtskrivaren og produsenten Raymond Asso, som ho også innleier eit forhold til. Han endrar namnet hennar til Edith Piaf og sørger for at ho held seg unna tvilsame folk. Edith sa sjølv at Asso redda livet hennar. Han viser ho at det eksisterer eit anna tilvære enn hallikar, prostitusjon og Pigalle.

Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko: Nokre år tidlegare hadde Edith og Simone erfart at det lønte seg å sjå litt trist og stakkarsleg ut når ein song på gata. Asso forstår også at den tøffe historia til Edith vekker merksemd. Derfor får han laga songar til ho som handlar om hennar tidlegare liv på gata. Ei av dei som begynner å skrive for Edith, er komponist og låtskrivar Marguerite Monnot.

I slutten av 1930-åra prøver Edith Piaf å bygge opp image og karriere igjen. Bildet er av Piaf i 1939. Foto: Studio Harcourt/Wiki Commons

Det var ikkje vanleg med kvinnelege låtskrivarar av populærmusikk på denne tida. I 1940-åra starta Edith også å skrive fleire av sine eigne tekstar. Ho hadde veldig lite formell utdanning, studerte aldri musikk, og kunne ikkje lese eller skrive notar eller spele instrument. Ho laga tekstar og song melodien til låtskrivarane ho jobba med, som så skreiv dei ned. Monnot skreiv mellom anna den kjente «Milord» for Edith. Dei to skulle etter kvart bli vennar og nære samarbeidspartnarar, og det første kvinnelege låtskrivarteamet i Frankrike – eit forhold som skulle vare nesten livet ut. I memoarane sine kallar Edith Monnot for sin beste venn og den kvinna ho beundra mest i heile verda.

Allez venez, Milord
Vous asseoir à ma table
Il fait si froid dehors
Ici, c'est comfortable

«Milord» av Marguerite Monnot og Georges Moustaki.

I 1943 var Edith Piaf på turne i Tyskland, saman med andre musikarar og dansarar. Dei fekk mellom anna opptre for franske krigsfangar i Tyskland. Her er dei framfor Brandenburger Tor i Berlin, Piaf er nummer tre frå høgre. Foto: United States Holocaust Memorial Museum, courtesy of Sadie Rigal-Waren

Krigsåra

Edith Piaf hadde no blitt ei superstjerne. Så bryt andre verdskrigen ut, og Frankrike blir okkupert av Tyskland. Edith og songane hennar må no godkjennast av okkupasjonsmakta. Men nazistane liker Edith Piaf, og gjennom alle krigsåra får ho halde fram som normalt. Ho underheld både for tyske styrkar og i fangeleirar i Frankrike og Tyskland. Men er det nazistane eller krigsfangane ho syng for?

Mellom 1940 og 1947 var ho den mest populære underhaldaren i heile Frankrike. At ho kunne fortsette med å jobbe medan krigen herja rundt ho, var nok til at mange stilte spørsmål ved lojaliteten hennar.

Etter krigen blei Edith skulda for å vere forrædar og kollaboratør. Ho vitna i rettssalen og hevda sjølv at ho jobba for motstandsrørsla. Andre gjekk god for historia hennar og sa at ho hadde hjelpt fleire personar med å sleppe unna forfølginga til nazistane. Sekretæren hennar på den tida, Andrée Bigard, som sjølv var medlem av motstandsrørsla, vitna om at ho hadde hjelpt 118 franske fangar med å rømme frå Tyskland, forkledd som medlemmar av orkesteret hennar. Denne historia har aldri blitt verifisert.

Eit anna døme var samarbeidet hennar med den kjente fransk-jødiske musikaren Michel Emer, som skreiv songen «L'Accordéoniste» til ho. Edith skal ha betalt for å frakte Emer til tryggleik i Frankrike, der han levde i skjul heilt til frigjeringa.

Sadie Rigal og dansepartnaren Frederic Apcar, med Edith Piaf i midten, på ein kafe i Tyskland i 1943. Rigal var jødisk, og i starten av krigen sat ho i fangenskap. Ho slapp ut, og klarte dei neste åra å skjule identiteten sin. «Florence et Frederic», som dei kalla seg, blei eit kjent dansepar som mellom anna besøkte krigsfangar saman med Piaf. Foto: United States Holocaust Memorial Museum, courtesy of Sadie Rigal-Waren

Alors, pour oublier,
Elle s'est mise à danser.
A tourner au son de la musique.
Arrêtez la musique

«L'Accordéoniste» av Michel Emer.

Marlene Dietrich gir Edith Piaf eit kyss etter ein konsert på Playhouse Theater i New York, 30. oktober 1947. Foto: AP/Matty Zimmerman/NTB

Internasjonal stjerne

Skodespelet Sporv og engel, som no speler på Det Norske Teatret, handlar om vennskapen mellom Edith Piaf og Marlene Dietrich – ein vennskap som i starten truleg var meir enn berre platonisk. Denne historia startar i 1945, same året som ho skriv og framfører ein av sine signatursongar, «La Vie en rose».

Etter krigen slår Edith for alvor gjennom internasjonalt. Ho begynner å turnere i Europa, USA og Sør-Amerika, og ho er med i nokre filmar. Men det er først og fremst gjennom grammofoninnspelingane at Edith når eit stort publikum. På toppen av karrieren er ho den best betalte songarinna i verda.

I 1947 heldt ho ein serie utselde konsertar i New York. Der møtte ho og forelska seg i den gifte boksaren Marcel Cerdan, og dei kjøpte etter kvart eit hus saman i Paris. I 1949 skal Edith spele ein konsert i USA, og ho vil veldig gjerne ha Marcel der. Han er redd for å fly og kvir seg for å komme, men Edith tryglar, og han gir til slutt etter. Men flyet styrtar, og alle 48 menneska om bord døyr. Edith får høyre om dødsfallet rett før konserten skal starte. Ho går likevel ut til publikum for å gjennomføre, men svimar av to gongar før ho til slutt blir eskortert av scenen igjen.

Sjølv sa ho at Marcel Cerdan var hennar livs store kjærleik. Songen «Hymne à l'amour», som Edith skreiv saman med Marguerite Monnot, var tileigna Marcel, og ho framførte den første gong i september 1949, berre ein månad før han døydde.

Sjølv sa Edith Piaf at boksaren Marcel Cerdan var hennar livs store kjærleik. Foto: Studio Harcourt/Wiki Commons

Si un jour, la vie t’arrache à moi
Si tu meurs, que tu sois loin de moi
Peu m’importe, si tu m’aimes
Car moi je, mourrai aussi

«Hymne à l'amour» av Marguerite Monnot og Édith Piaf

Edith fann trøyst i alkoholen og rusen. I 1951 blei ho hardt skadd i ei bilulykke, fekk morfin for å døyve smertene og blei raskt avhengig. Ho sleit også med leddgikt, som ho tok store dosar kortison for.

Rusen og kjærleiken

Rusen tok etter kvart ein større og større del av livet til Edith Piaf. Dei siste åra var sterkt prega av fleire ulykker, kollapsar, operasjonar og turar inn og ut av avrusing. Men ho heldt fram med å synge.

Ho hadde aldri vore god med pengar. Sjølv om ho tente store summar, brukte ho enda meir, lånte raust bort, eller folk stal frå ho.

Eit anna punkt ein ikkje kjem utanom, handlar om alle forholda ho hadde. Edith kasta seg hovudstups inn i flammande kjærleiksaffærar. Men ho mista også interessa når flammen begynte å sløkke. Rekka av korte, intense forhold er lang, ein del av dei var med gifte menn, nokre av dei menn ho samarbeidde med. Mange gongar hjelpte ho mennene i livet sitt opp og fram i karrieren. Fleire fekk mellom anna jobb som assistenten hennar.

I den biografiske filmen La vie en rose (2007) spelte Marion Cotillard rolla som Edith Piaf, ein prestasjon ho fekk både Oscar- og Golden Globe-pris for. Foto: Filmplakaten til La vie en rose.

Trass alle kjærleiksrelasjonane gifta ho seg «berre» to gongar, første gong i 1952 med songar og skodespelar Jacques Pills. I bryllaupet var Marlene Dietrich forlovar. Ekteskapet vara i fire år.

Under ein konsert i Olympia i Paris i 1960 framførte ho songen «Non, je ne regrette rien» for første gong. No var det rein viljestyrke som fekk Edith opp på scenen, i tillegg til sprøytene ho fekk frå sjukepleiaren som reiste rundt saman med ho.

Non, rien de rien
Non, je ne regrette rien
Ni le bien, qu'on m'a fait
Ni le mal, tout ça m'est bien égal!

«Non, je ne regrette rien» av Charles Dumont og Michel Vaucaire.

Edith Piaf saman med den andre ektemannen, Théo Sarapo, i 1962 under ein konsert i Rotterdam. Foto: Wiki commons

Døden og forteljinga

Berre eitt år før ho døydde, gifta ho seg igjen. Denne gongen med den 26 år gamle Theophanis Lamboukas, som var tidlegare frisør, no artist og skodespelar. Edith gav han scenenamnet Théo Sarapo, etternamnet er gresk og betyr «eg elskar deg». Dei to song duetten «À quoi ça sert l’amour» («Kva er meininga med kjærleik») saman i 1962. Tidleg i 1963 spelte ho inn det som skulle bli hennar siste låt, «L’Homme de Berlin».

Edith Piaf døydde av leverkreft 10. oktober 1963, i Plascassier på den franske rivieraen. Ho blei berre 47 år gammal. Men ifølge dødsattesten døydde ho dagen etter, i Paris. Visstnok kom det av at Sarapo tok den døde kroppen hennar med i bilen og køyrde til Paris, fordi fansen ville ha ønskt at ho døydde der. I gravferda samla mange titusen seg for å ta eit siste farvel med den vesle sporven. Trafikken i Paris stoppa opp.

Både i livet og i døden var det mange mytar som omkransa Edith Piaf. Mange av historiene som verserer, bidrog ho til sjølv gjennom dei to memoarane ho skreiv: Au Bal de la Chance i 1958 og Ma Vie som blei gitt ut etter hennar død, i 1964. I tillegg har ungdomsvenninna Simone Berteaut fortalt historier om livet til Edith, som kanskje fokuserer vel mykje på Simones eiga rolle i det.

Fleire teaterstykke og filmar har bidrege til å skape bildet av Edith Piaf i medvitet til folk. I biografien No Regrets: The Life of Edith Piaf frå 2011 prøver forfattar Carolyn Burke å skilje ut den sanne historia. Ein kjem ikkje bort frå skandalane, kjærleiksforholda, ulykkene og rusmisbruken. Men dei overskygger heller ikkje musikken og den store stemma.

Edith Piaf på scenen under ein konsert i Nederland, desember 1962. Nokre dagar før 47-årsdagen. Foto: Eric Koch/Anefo.

Det blir sagt at Ediths siste ord før ho døydde, var: «Every bloody thing you do in life, you have to pay for …» Om det er sant, er umogleg å vite. Det kostar å leve, men det er lov å håpe at strofa «Je ne regrette rien», eg angrar ingenting, kan stå som eit ordtak over livet til Edith Piaf likevel.