Bakgrunnsartikkel

Da jørgensen møtte moe

Da Ingrid Jørgensen gjekk på vidaregåande skole i Haugesund, kom det ein kar med 70-talssveis og lusekofte for å underhalde. Det som kunne ha blitt eit svakt minne frå ei lærarorganisert tilstelling i ein sliten gymsal, slo henne midt i magen.

30 år seinare løftar ho, saman med komponist og bassist Ole Christian Wetten, Ingvar Moes poetiske, vittige og politisk framsynte tekstar fram i dagen igjen. Framsyninga har fått tittelen Da Jørgensen møtte Moe og er på repertoaret både på Haugesund Teater og Det Norske Teatret i vår
- Han var ein slags 70-talets Are Kalvø,
seier Ingrid Jørgensen, som no også har fått Dragland hekta på etternamnet.
- Ein samfunnskritikar som brukte humor og satire for å ta dei svake i forsvar. Han snakka varmt om outsidaren, tok kvinna i forsvar og utleverte forholda på bygda. Både om det såkalla bygdedyret, men òg om korleis det var å komme frå bygda og inn til byen. Vi ungdommane blei glade av å høyre på han. Han var kjapp i replikken og vi kunne forstå han, ein språkkunstnar som med få ord fekk fram så mykje.

Ingvar Moe var opphavleg frå Etne. I 1975 debuterte han med diktsamlinga Løktastolpefrø og fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for denne. Han gav ut over 20 bøker, skreiv både for barn og vaksne, han gav ut noveller, dikt, kåseri og lærebøker. Han skreiv songtekstar og var ein kjend radiokåsør.
- Eg trur at breidda i alt han gjorde, det at han spreidde seg på så mange felt, gjer at han kanskje ikkje er så kjend for eit stort publikum no, seier Ingrid Jørgensen Dragland.
– Han var så allsidig og har eit rikt forfattarskap som vi kan leite i. Det har vore så spennande og det slår oss kor moderne han var.
Wetten og Dragland har vove saman ei times lang framsyning av tekstane til Moe. Ope og moderne er stikkorda dei gir. Ei utfordring, ifølgje komponisten.
– Noko av materialet hans inviterer til det folkelege, medan andre tekstar er meir surrealistiske.
– Vi dannar ein klassisk jazztrio med Ingrid på vokal og lagar eit 60- og 70-tals lydbilde til framsyninga som har fått undertittelen ei pittelitt jazza helsing til Ingvar Moe. Det er eit munnleg driv over musikken, vi må få fram kor slagferdig han var og tekstane skal fram, om dei så skal snakkast fram, seier Wetten.
Dei har vore på jakt etter gamle skattar og funne opptak frå Moes samarbeid med Stanley Jacobsen, dei har lytta seg gjennom gamle kåseri og dei har lese masse.

– Det er ei oppleving å høyre han live på plate eller i radio. Nokre av kåseria er fersksvare og har kanskje gått noko ut på dato, men mykje av lyrikken angår oss like mykje i dag. Det har ekstrem aktualitet, han snakkar om flyktningar og om miljø som om det var skrive i haust. Grunntonen i forfattarskapen er likevel dette med å lengte ut, for sidan å lengte heim. Kven er du når du er ute og kven er du når du kjem heim? Dette er nok tankar mange av publikum ved Haugesund Teater og Det Norske Teatret kan kjenne seg igjen i, seier Dragland.

Moe hadde eit elsk-hat-forhold til heimplassen sin. Han kritiserte dei negative sidene ved bygda, trongsynet, fordommane, sladdersjuka og framandfrykta. Samstundes var han glad i staden, han elska dialekta, styrken i folket. I år ville Ingvar Moe ha fylt 80 år.
- Det gir oss eit kjærkome høve til å hylle denne opprørske, morosame, lærde og kvikke diktaren. Eg gler meg til å løfte han fram for publikum både i Haugesund der han er ein lokal helt og i Oslo på Det Norske Teatret, der slike som han eigentleg høyrer heime, avsluttar dei.