Bakgrunnsartikkel

BROR - praktisk info

Framsyninga BROR er ei framsyning med stor vekt på det auditive, altså det du høyrer, og du har på deg høyretelefonar under heile seansen. Framsyninga er også delt i to delar, der den eine delen er ein gåtur, den andre delen opplever du i eit stillas. Her er alt du treng å vite før oppmøte på Det Norske Teatret.

Del 1

er ei utandørs vandring med høyretelefonar. Ta på deg gode sko og kle deg etter veret!

OPPMØTE

Møt opp i foajeen på Det Norske Teatret mest mogleg presis. Du treng ikkje vere ute i veldig god tid.

KVA SKJER SÅ?

I foajeen får du utdelt det du treng for å oppleve vandreframsyninga.
Du kan gå aleine eller i lag med dei du kom med.

KOR LANG ER TUREN?

I grove trekk vil du bevege deg frå Det Norske Teatret og via omvegar ende opp på Det Norske Teatret igjen.
Turen vil ta om lag 40 minutt.

Del 2

går føre seg inne på Hovudscenen på Det Norske Teatret.
Vi gjer merksame på at framsyninga har ein annleis tribune enn det vi vanlegvis har på teateret. Som publikummar sit du i eit fire meter høgt stillas og ser ned på scenen.

Lyden kjem gjennom høyretelefonar. Du sit ikkje på ein stol, men på kanten av sjølve stillaset med sikring framfor deg. Det er difor ikkje lov å ha med lause gjenstandar (vesker, jakker osb.) inn i sceneområdet. Du finn låsbare skap som er gratis å bruke i garderoben til Hovudscenen. Om du har spesielle behov, ver vennleg og kontakt med billettluka så snart som mogleg.

Dørene stengjer presis, og det er ikkje mogleg å komme inn etter at framsyninga har starta.

SPØRSMÅL?

Har du praktiske spørsmål om framsyninga, t.d. når det gjeld rullestol, ber vi deg ta kontakt med billettluka på 22 42 43 44. Sjekk opningstidene nedst på denne sida.