Bakgrunnsartikkel

Blodslit med Moby Dick

Skodespelarane som skal utgjere eit mannskap på skuta Pequod må finne seg i å starte prøvedagen med blodsmak i munnen.

- Å jobbe fysisk saman og slite seg litt ut, er ein bra måte å styrke samhaldet og gruppekjensla på, seier regissør Holmen Dahl. Han meiner også at skodespelarane treng å kjenne at dei meistrar å anstrenge seg fysisk i lag, med tanke på at kvalfangsten var hardt arbeid på mange måtar, og at dette skal bli spegla på scenen i eit kunstnarleg uttrykk.
- I tillegg vil det vere anstrengande å spele denne framsyninga, på grunn av ein del fysiske sekvensar som vil kreve god kondis. Det kan vere å gå frå å stå bom stille, til å plutseleg springe intervallar på scenen.

20 minutt er gått, og no er dei komne til den delen av treningsøkta alle gruar seg til, nemleg å springe intervallar i trappene på Det Norske Teatret. Ni etasjar opp, så fort dei klarar. Regissøren erklærer at dei skal ta fire rundar i dag, og ensemblet stønner og okkar seg.
- Dei seier det er fælt, men alle har allereie blitt i påtakeleg betre form av å springe i trappene, seier Holmen Dahl.
- Det gir sjølvtillit!

Treningsøkta er over. Men no skal gjengen i gang med fysisk improvisasjon på scenen, der dei kan hauste frukter av treningsøkta. I prøvesalen er det vatn og vifter. Skodespelarane får beskjed om å ta på seg arbeidsdresser med ullundertøy under. Dei skal bli våte.
Scenografen Nia Damerell set på noko atmosfærisk musikk.

Skodespelarane beveger seg ute på scenegolvet i sirklar. Litt som rovdyr som ventar på at det veike dyret i flokken som dei skal drepe skal peike seg ut.
Ingen veit kva som skal skje. Her må alle lytte til kvarandre og bli med på initiativet som kjem frå dei andre.
Dei byrjar å springe.
Det går fortare.
Dei ropar. Verkar konsentrerte, sinte eller redde.
I jaktmodus, kanskje.

- Ein blir nok ikkje verdas beste kvalfangar av å gå på treningsstudio, innrømmer regissøren.
- Men det sceniske blir definitivt meir interessant når skodespelarane er godt trente.
Han rosar skodespelarane for ein god jobb, og kommanderer dei i dusjen, som produksjonens verkelege kaptein.

Tekst Åsne Dahl Torp Foto Monica Tormassy/Det Norske Teatret
Artikkelen er publisert 22. desember 2023.