Bakgrunnsartikkel

Best i motbakke

Iren Reppen veit korleis det er å stå i stormen, og kva det kostar. Men på toppane blæs det, og det har ho laga show om.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Vi har avtalt å ta intervjuet på ein kafé på Grünerløkka. Eg kjem først og set meg inne. Krakken på den eine sida av bordet er veldig låg. Eg flyttar meg til benken på motsett side, som er ganske høg. Og eg tenkjer: I ein samtale om makt, er det interessant å plassere Iren Reppen på ein låg krakk. Skal tru om ho merkar det? Til alt overmål står det eit sjakkbrett i vindauget bak der Iren Reppen om litt skal sitte. Symbola står i kø, dette lover godt for intervjuet.

Så ringer Iren og spør om vi ikkje skal sitte ute, det er fint vêr. Eg tek med tinga mine og går ut.

I haust er ho aktuell med konsertframsyninga Det e hardt å være bitch. Meir enn å vere eit stykke om kjønn og makt, handlar det om menneske og makt. Der har Reppen gjort seg mange tankar.

På ein kafé på Grünerløkka. Foto: Magnus Skrede

Menneske med makt

- Makt vil forandre deg, slår Iren Reppe fast. Vi har funne ein plass ute og fått kaffi på bordet. Det er sol, men det blæs. Håret hennar flagrar i vinden. Ho let seg ikkje affisere.

- Det er noko som skjer i den prosessen, og ting blir forandra i deg som menneske. Det er mange som nektar på dette, trur dei er akkurat den same. Men den dagen du ikkje er sjef lenger, så merkar du godt at det var noko der som no er borte.

Makt er eit slags grunntema i framsyninga ho no har laga. Eller showet, som Reppen sjølv kallar det. Ho står åleine på scenen, med bandet sitt i ryggen, og fortel si historie. Bratt i nakken, fordi ho speler på Scene 2, med bratt amfi.

- Makt over seg sjølv er kanskje det viktigaste. Men du får ikkje makt utan hjelp frå andre. Det er sånne øvingar vi gjer som skodespelarar, statusøvingar. Du kan ikkje spele høgstatus viss ikkje dei andre speler lågstatus. Det er ei veldig avhengigheit av dei andre – og det er ein raud tråd i showet. Viss du berre tek makt, så er det ikkje der eigentleg. Makt er noko du må bli gitt.

Da Reppen blei teatersjef på Hålogaland Teater i Tromsø, sa sjefen hennar på Det Norske Teatret, Vidar Sandem, til henne: «Korleis har du tenkte å spele den rolla, Iren?» Ho forstod ikkje kva han meinte, skulle ho spele ei rolle?

I dag veit ho kva han meinte.

Ho veit også at det er ganske einsamt å vere sjef.

Foto: Magnus Skrede

Ein føretrekt tilsett

Å vere sjef er eit negativt lada ord, meiner Reppen. Det er dei på golvet, og så er det sjefen. Ein posisjon fylt med historiske og kulturelle fordommar. Ho har vore sjef i 9 år, først på Hålogaland Teater, så på Peer Gynt-spelet på Gålå.

- Om du ser på hierarkiet, så er det ofte dei som ligg under, som blir forbanna når nokon går forbi. «Du skal ikkje vere der!» Og det kan like gjerne vere ein mann som ei dame som føler seg forbigått. Kvifor skulle akkurat eg bli sjef på HT? Eg er heilt einig i at det spørsmålet bør ein stille seg.

- Det er sjefen som bestemmer, og det sjefen gjer, får store konsekvensar for så mange. Posisjonen gir deg makt, og da må du tole at det til tider blir tøffe tak, og at folk stiller spørsmål til posisjonen du har fått.

- Dei som verkar mest mektige, er kanskje dei som er mest sårbare. Jo meir makta aukar, jo meir sårbar blir du. Og så er det vanskeleg å få auge på makta. Da #metoo kom var eg veldig umedviten om alle desse strukturane som berre set seg. Og det er vanskeleg å vite akkurat kor det sit. Særleg om dei som har makt også er umedvitne om at dei har makt, som det kanskje særleg er i kjønnsdebatten.

Iren Reppen fekk ein god kompliment ein gong. Nokon sa at ho var ein god og føretrekt tilsett. Ho trur det er fordi ho alltid prøver å sjå det større bildet.

Foto: Dag Jenssen
Foto: Dag Jenssen

Å vere diktator i eit demokrati

Som teatersjef må ein tole å gå litt på trynet. Det er learning by doing. Sånn må det vere, og det må det vere rom for, meiner Reppen. Dette stoffet har ho arbeidd med i mange år no. Historiene, refleksjonane og konklusjonane kjem raskt. Og latteren!

- Teateret er jo eit diktatur, per definisjon. Teatersjefen bestemmer alt. Sånn er systemet lagt opp. Teatersjefen står over alle andre. Men å vere diktator i eit demokrati kan vere utfordrande.

- Otto Homlung sa at teateret er som eit tankskip i full fart på veg mot skjæret. Det er heilt umogleg å snu. Eller Toralv Maurstad, som samanlikna det å vere teatersjef med å vere fyrbøtar i helvete: Du berre legg ved til bålet, og folk blir meir forbanna for kvar gong du hiver på ein kubbe. Folk blir rasande! Eg er veldig glad i det sosialdemokratiske Noreg. Men som sjef kan det vere tøft å stå i det.

Sjølv om det på mange måtar er ein gamaldags struktur i institusjonsteateret, meiner Reppen at det er heilt rett at det er sånn. At ein kunstnar står på topp, ikkje pengane. Ho ser tendensar i teatera no som ho ikkje er vidare begeistra for.

- Blårussen har komme for langt inn i teateret. Samfunnsansvaret er borte. Plutseleg blir teateret definert som ei bedrift heilt på linje med McDonalds!

Det synest Reppen er skumle greier. Skal ein vere teatersjef må det vere trykk på teater, ikkje sjef.

Tilbake til start

For Iren Reppen er denne framsyninga som å komme heim. På scenen, med bandet sitt, framfor eit publikum. Det er 27 år sidan ho suste inn i folks medvit med framsyninga Det e hard å være mainn. Ho var ung skodespelar, hadde vore litt rundt, gjort nokre roller på Trøndelag Teater. Og der, i Trondheim, begynte ho å skrive på sitt første soloshow. Så drog ho til Oslo og fekk jobb på Det Norske Teatret, og skulle samtidig vise framsyninga si på Festspela i Nord-Noreg. Det var i 1994.

- Det var litt sjokkarta kor fort det gjekk! Frå å lage ei framsyning til den vesle scenen til Festspela i Nord-Noreg, til at det tok sånn av. Plutseleg skulle framsyninga opp på den enorme Hovudscenen på Det Norske Teatret. Eg hugsar eg kasta opp før eg skulle gå ut på scenen.

Så gjekk det slag i slag. Ho fekk platekontrakt, og gav ut musikken. NRK laga TV-program av showet. Plutseleg var ho allemannseige.

- Det kjentest som at alle skulle ha tak i meg. På det tidspunktet tenkte eg ikkje at eg hadde makt, sjølv om eg no forstår at eg hadde det. Eg skulle meine noko om absolutt alt, til dømes bøker eg ikkje hadde lese!

- Framsyningane eg har laga har jo meint noko. Dei har forsøkt å få i gang ein samtale. Det er det eg ønskjer. Men til slutt trekte eg meg heilt vekk.

Kjønn og makt

Det e hardt å være 2 var ein slags oppfølgar som kom i 2004, også denne gongen med Svein Gundersen som komponist. Og no er tredje, og førebels siste, del klar for publikum.

- Om du snakkar med profilerte damer, så har veldig mange av dei opplevd å bli kalla bitch. Det er jo ei tipse, og det tilsvarande er kjøter hos ein mann. Eg trur nok Erna Solberg har blitt kalla bitch, men eg tviler på at Jens Stoltenberg har blitt kalla kjøter.

Det er nærliggande å tenke at showet handlar om kjønn og makt. Men Reppen blei veldig glad da ein i publikum sa at framsyninga var «riktig kjønna».

Foto: Magnus Skrede

- Sjølv om eg er ei dame som fortel om det å vere sjef, så er mitt mål å fortelje ei historie om eit menneske. Eg ønskjer å gjere ‘sjef’ til eit kjønnsnøytralt omgrep. Ein posisjon å stå i der ein vil møte mange av dei same utfordringane, uavhengig av kjønn.

For Reppen er det ei kampsak å få bli definert som eit menneske: - Heile samfunnet er så delt opp i kjønn. Men det er jo så slitsamt berre å vere mann eller berre vere dame. At det liksom skal vere hovuddefinisjonen. Det er gøy med dei yngre generasjonane som kjem no, at det liksom ikkje er så nøye. Det treng ikkje vere så sett i bås, anten det er kjønn eller legning det er snakk om.

Publikum må vurdere: Er det ei bitch dei ser på scenen? ­Eller er det berre eit menneske?

Ope for tolking

Framsyninga har allereie møtt sitt første publikum. Kritikarane har vore begeistra og trilla femmarar på terningen. Men Iren Reppen legg ikkje skjul på at dette nye showet har vore som ein bakkestart. At ho er tilbake der ho starta. Det er hennar historie. Erfaringar ho har gjort seg i livet. Som menneske.

Men, legg ho til: - Eg hadde Otto Jespersen som konsulent. Han las manuset og sa : «Iren, alt treng ikkje vere sant!» Og det forløyste noko i meg, for da kan ein strekke det litt, sjå absurditeten i det heile. Det var forløysande ord.

Det ho ønskjer er å starte ein samtale. Tittelen på showet er eit statement som er ope for tolking: Det er hardt å vere bitch. Ho legg historia ut for publikum, så kan dei ta stilling.

- Mykje ligg i kva eg sjølv føler, og kva eg seier til meg sjølv: «Åja, så du trur du er tøff nok til å vere sjef?» Eg bruker ordet ‘bitch’ ganske ope. Publikum må vurdere: Er det ei bitch dei ser på scenen? Eller er det berre eit menneske?

På same tid:

- Eg trur det er viktig å kunne seie det til seg sjølv også: «Ja, eg er ei bitch! Klart det!» Det handlar om å ta omgrepet tilbake. Om du vil ha noko gjort, så må du seie frå, elles skjer det ingenting. Sånn er det anten du er sjef, eller berre eit menneske.

Så er det kanskje greitt å vere bitch, da?