Terningkast fem

«Innsiktsfullt og selvavslørende om kvinner og makt»

Terningkast fem

«…levner ingen tvil om hvem som er sjefen på denne scenen»

Terningkast fem

«Det er til å le av og til å bli brydd av, men formen er hele veien stilsikker og helhetlig»

I dette eventyret frå verkelegheita møter vi ei jente som vaks opp med store draumar. Etter kvart blir draumane oppfylte, men ho søker seg stadig vidare.

Gjennom eigne tekstar og til musikk av Svein Gundersen, leiar Iren Reppen og bandet hennar publikum gjennom erfaringar og ambisjonar, håp og eit brennande ønske om å vere god nok.

For Iren Reppen fekk makt. Ho var den første kvinnelege teatersjefen ved Hålogaland Teater, Nord-Noregs største kulturinstitusjon. Ho har sett seg sjølv og teateret frå ulike sider. Kven er ein som menneske, og kven blir ein i rolla som sjef? Kva gjer makt og posisjon med ein? Det er ikkje alltid så enkelt å få auge på kor makta eigentleg ligg, og kva som driv eit menneske med makt. Er det så morosamt som alle vil ha det til?  Og kva ventar eigentleg på maktas øvste topp? 

Låtar frå framsyninga Det e hardt å være b**ch.

Det e hardt å være...

For 26 år sidan skreiv Iren Reppen showet  «Det e hardt å være mainn», som vart spela på Hovudscenen på Det Norske Teatret, filma av NRK og snappa opp av plateselskap da Iren Reppen var ung skodespelar og artist. Ei rekke erfaringar rikare har ho no kome fram til at «Det e hardt å være bitch». 

Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret, Brageteatret, Hålogaland Teater og Iren Reppen.
Reppen har fått verkstadstønad frå Dramatikkens hus.

Innsikt: Panelsamtale før framsyninga

Torsdag 27. januar kl. 19.30

Kva gjer makt med oss? Og ser vi ulikt på menn og kvinner med makt?
I forkant av framsyninga Det e hardt å være b**ch inviterer vi publikum til ei samtale mellom tidlegare adm. dir i Innovasjon Norge og Hewlett-Packard Norge, Anita Krohn Traaseth, regissøren bak kinodokumentaren Trond Giske - Makta rår, Håvard Bustnes og skodespelar og tidlegare teatersjef ved Hålogaland Teater Iren Reppen. Samtalen vil bli leia av Einar Lie, professor i moderne økonomisk og politisk historie.

Finn ut meir