Bakgrunnsartikkel

Koltés og valden i oss alle

Han var dramatikaren som hata å sjå teater. Likevel skreiv han nokre av dei mest gripande verka i fransk dramatikk, før han døydde av AIDS i 1989, berre 41 år gamal.

Skrive av
Ingrid Weme Nilsen
Ingrid Weme Nilsen
Sjefdramaturg

I 1968 sveipte ein nesten-revolusjon gjennom Frankrike, då universitet og høgskular over heile landet blei okkupert av studentar. Bernard-Marie Koltès (f. 1948), som på denne tida hadde flytta frå den trygge barndomsheimen i Metz i Nord-Frankrike for å studere journalistikk i Strasbourg, fann seg plutseleg midt i ei kokande gryte av motstridande kjensler og meiningar. Samstundes oppdaga han at det ikkje berre var verda som kunne komme til han, men at han og kunne oppsøke verda. Han reiste ut av landet for første gong, og målet for reisa var New York. Turen blei ei sjokkarta oppleving. Bernard-Marie blei djupt gripen av metropolen og kraftig inspirert av kulturar og miljø som var heilt nye for han. Særleg reggaemusikken og subkulturane i dei svarte bydelane trakk han til seg som ein magnet. For ein ung, homofil gut frå ein katolsk, konservativ familie i den franske provinsen er det ikkje vanskeleg å forstå at New York må ha vore ei openberring. Da han kom heim kasta han studiane på båten og begynte å skrive teater.

Barrikadar i Bordeaux, Frankrike, mai 1968. Foto: Tangopaso, Public domain, via Wikimedia Commons.

Dei neste åra livnærte Bernard-Marie Koltès seg av ymse strøjobbar medan han skreiv. Favorittjobben var som billettvakt på kino, for da fekk han sjå filmane gratis. Teater hadde han derimot mindre til overs for, dei få framsyningane han såg oppfatta han som uinteressante og gamaldagse.

Likte ikkje teater

Trass denne aversjonen mot teater, skreiv sitt første teaterstykke Les Amertumes / «Bitterheit» i 1970 (basert på Maxim Gorkijs roman Min barndom) sterkt inspirert av å ha sett stjerneskodespelaren Maria Casares i Medea ved Odeon Teateret i Paris. Ein brennande lidenskap for det talte språket blei tent i han. Koltès skreiv tekstar som skulle bli snakka. «Teatret er handling, og eg prøver å bruke språket som eit handlingselement», seier Koltès i eit intervju i Theater Heute hausten 1983.

Deretter gjorde han fleire adaptasjonar av romanar for teateret, men han det var ikkje før i 1977 med Natt rett før skogane, at han verkeleg slo igjennom med sin eigen stemme. Da blei dette stykket framført på teaterfestivalen i Avignon, og deretter blei han raskt erklært som ein av dei viktigaste stemmane innan fransk og europeisk teater, og stykka hans blei og blir framleis sett opp over heile verda.

Ei tidleg utgåve av skodespelar Maria Cascarés, fotografert i 1944. Foto: Studio Harcourt, via Wikimedia Commons.

Bjørn Skagestad og Johan Brun Kjeldsberg i Neger og hundar i kamp, som hadde noregspremiere på Det Norske Teatret i 1984 med Pål Løkkeberg som regissør. Foto: Det Norske Teatret.

Krig og brutalitet

I løpet av sitt korte liv reiste Koltès mange gongar til Afrika. Der henta han inspirasjon til nokre av dei mest kjente stykka han skreiv, til dømes Neger og hundar i kamp. I stykket Tilbake til ørkenen er handlinga plassert dels i Algerie og dels i Koltès sin eigen fødeby Metz. Den algirske krigen var ein konflikt Koltès vaks opp i og fikk inn med morsmjølka. Faren var militær, og var vekkreist store delar av oppveksten hans, mellom anna som soldat i den blodige algirske frigjeringskrigen på 50-talet. Etterdønningane etter krigen førte med seg både terrorhandlingar og rasisme på fransk jord, og all denne brutaliteten er noko som prega skrivinga hans.

Tema som opptok Koltés var urettferd, kriminalitet og vald, kva mørke som bur i oss og kva menneske er i stand til å gjere mot kvarandre. Som homofil i ei heteronormativ verd, hadde nok Koltés ei kjensle av utanforskap og einsemd, og dette er også sentralt for karakterane hans. Han blei sjuk tidleg, og visste at han kom til å døy av AIDS medan han skreiv manuset til det beksvarte dramaet om Roberto Zucco - ein einsam og sjølvdestruktiv mann med ei dødsdrift som rammar både han sjølv og dei rundt han.

Gir ikkje svar

Men kva seier han? At hangen til vald og drap ligg i oss alle, og berre tilfeldigheiter avgjer om han kjem fram i oss eller ikkje? At mennesket er territorialt og brutalt som eit vilt dyr, og at dette dyriske berre er skjult under ei glatt fasade av kultur?

Det svarar ikkje Koltés på, men det er avtalen mellom teateret og publikum. Det må du tenke ut sjølv.

Roberto Zucco hadde urpremiere i 1990, året etter at Koltés døydde. Stykket fekk noregspremiere allereie i 1992 på Det Norske Teatret. Her er Lasse Kolsrud som Roberto Zucco og Anneke von der Lippe som Jentungen i Kjetil Bang-Hansens regi. Foto: Helene Levand.

Toppfoto: Bernard Marie Koltés,1984. Foto: Louis Monier, Gamma Rapho via Getty Images

Teksten er publisert 12. januar 2024.