Bakgrunnsartikkel

Beckett-tradisjonen ved Det Norske Teatret

Når Bjørn Sundquist no presenterer sin fjerde Beckett-produksjon ved Det Norske Teatret, er det ein solid tradisjon han held i hevd.

Dramatikken til Beckett sit i veggane på Det Norske Teatret. Sidan Mens vi ventar på Godot i 1970 har Beckett vore sterkt representert i teaterets repertoar. Sluttspel blei første gong vist her i 1971. Da var det Bjarne Andersen som spelte Hamm, og Tom Tellefsen var Clov. Regien var ved Bjørn Endreson, og desse tre var del av den opphavlege Beckett-gjengen, som sette opp ei rad Beckett-framsyningar ved teateret.

I 2013 hadde Sundquist sin regidebut med Mens vi ventar på Godot. Det starta eit nytt Beckett-kapittel i teaterets historie. Dei følgande åra kom Krapps siste spole (2015) og Røff (2017). I 2023 er det Sluttspel Sundquist skal gi seg i kast med.