Bakgrunnsartikkel

Barna er håpet

– Kva for merkeleg historie er Ronja Røvardotter eigentleg? Kor går den føre seg? Her er røvarar, to barn som er åleine, og som i utgangspunktet berre er omgitt av menn.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Spørsmåla heng kort i lufta før Catrine Telle fyrer laus og svarar på eigne spørsmål. For når ho no tar for seg barnebokklassikaren Ronja Røvardotter til våren, er det med eit litt anna blikk på sjølve historia. Det er ikkje eit forklarleg univers frå gamledagar som Lindgren skriv om her, og i det tolkingsrommet som ho har lagt til grunn, har Telle og scenograf Tore Sæther arbeidd fram ei heilt ny ramme om forteljinga.

Barna er dei eigentlege vaksne

– «Etterkrigsframsyning» er vel kanskje det beste stikkordet for det vi ser for oss i arbeidet med denne framsyninga. Barn som bur, veks opp og leikar i det som eigentleg er ein kulisse for krigshandlingar. Vi ser jo stadig vekk bilete i media av barn som finn tilbake til ein kvardag der alt er endra. Husa er bomba, gatene fulle av utbrente køyretøy og hol i bakken der missil og bomber har falle. Med situasjonen med krig i Europa i dag hadde vi lyst til å fortelje historia om Ronja og Birk, to ungar som på mange vis representerer håpet når generasjonen før dei ikkje klarer å finne ut av ting, seier Telle.

Ronja og Birk lever på ein vrakhaug, eit søppelberg, alt er plastikk og gamle bilvrak. Scenografien levnar ingen i tvil om kva for omgjevnader dei veks opp i.

Livskraft

- Og så veks det ting opp av jorda, for slik er det jo. Naturen og det levande tar jo det øydelagde tilbake. Sjølv i Tsjernobyl veks det blomar. Dei to ungane overlever, og forklaringa på kvifor foreldra er røvarar, er jo på eit vis enklare å forstå sett i lys av dette scenebildet, seier Catrine Telle.

– Historia om dei to ungane er jo ikkje trist.

– Historia om dei to ungane er jo ikkje trist. Ronja har eit fantastisk livsmotto, ei utruleg overlevingsevne og mykje klokskap. Det er jo barna i denne historia som er dei smarte. Som nektar å ta del i konfliktane som foreldra har fastna i – dei vil heller bygge opp og leve eit sjølvstendig og godt liv. Dei fører truleg slekter vidare, og dermed er det ei håpefull historie.

Lindgren skriv i sine siste bøker om langt meir eksistensielle ting enn tidlegare i forfattarskapen. Mio, min Mio og Brørne Løvehjarte har eit større alvor over seg, og i likskap med Ronja Røvardotter er barndomane i desse bøkene ikkje tidfesta, dei er eventyr og fantasiforteljingar.

Catrine Telle har tru på barna. Foto: Siren Høyland Sæter.

Rivaliserande slekter

Ronja og Birk er barn av to rivaliserande røvarhøvdingar. Venskapen mellom barna blir truga av feiden mellom dei to slektene. Kampen for fred og rettferd, mot vondskap og dumheit, speler seg ut med den storslegne og magiske Mattisskogen som kulisse. I denne versjonen er kulissen meir realistisk, når skogen er erstatta med storbyens øydeleggingar.

– Det er jo også ei veldig uskuldig Romeo og Julie-historie, dette her. Men i all hovudsak protesterer dei sterkt mot foreldra, og vinn til slutt den kampen. Dei er modige barn, dei tør å gjere opprør, og dei går sigrande ut. Bodskapen er viktig. Særleg no, i den tida vi lever i.

Draum om fridom

Catrine Telle ønsker å vise at Ronja og Birk er personlegdomar med sine eigne individuelle stemmer. Barnet hos Lindgren symboliserer ofte leiken og fridomen eller draumen om fridomen. Barn representerer det enkle, det levande og det kreative, men dei er også utsette, lengtande og makteslause. Kanskje er det nettopp barna som kan gi inspirasjon til nye idear om medmenneskelegdom – særleg i ei verd som blir styrt av vaksne som ikkje heilt klarer å finne løysingar på problema dei sjølv er opphav til.

– Vi treng å lytte til barna.

Det blir barn på scenen, som skal spele ulike roller. Dei går inn i scenar som Telle omtalar som øyer av overleving. Folk greier seg, dei finn ut av situasjonen. Det ligg ein optimisme under det heile som gjennomsyrer historia.

– Vi treng å lytte til barna. Å ta rettferdssansen deira til oss. Stole på at det ordnar seg. Barn er framtida, dei er håpet. Det viser Ronja og Birk for alvor i den vakre forteljinga som Ronja Røvardotter er, seier Catrine Telle.


Artikkelen er publisert 9. november 2022.