Bakgrunnsartikkel

Avtalt spel

Som den yngste av tre brør og med ein far som arbeidde som yrkesmilitær i utlandet, levde Bernard-Marie Koltès eit beskytta liv i barndommen, godt skjerma under vengjene til si katolske mor. Slik gjekk åra, heilt til det skjedde det som måtte skje. Bernard-Marie fekk verda i trynet.

Skrive av
Ingrid Weme Nilsen
Ingrid Weme Nilsen
Dramaturg

I 1968 sveipte ein nesten-revolusjon gjennom Frankrike, da universitet og høgskular over heile landet blei okkuperte av studentar. Bernard-Marie, som på denne tida hadde flytta frå den trygge barndomsheimen i Metz i Nord-Frankrike for å studere journalistikk i Strasbourg, stod plutseleg midt i ei kokande gryte av motstridande kjensler og meiningar. Samstundes oppdaga han at det ikkje berre var verda som kunne komme til han, men at han og kunne oppsøkje verda. Han reiste ut av landet for første gong, og målet for reisa var New York. Turen blei ei sjokkarta oppleving. Bernard-Marie blei djupt gripen av metropolen og kraftig inspirert av kulturar og miljø som var heilt nye for han. Særleg reggaemusikken og subkulturane i dei svarte bydelane trekte han til seg som ein magnet. For ein ung, homofil gut frå ein katolsk, konservativ familie i den franske provinsen er det ikkje vanskeleg å skjøne at New York må ha vore ei openbaring. Da han kom heim kasta han studia på båten og begynte å skrive teater.

Dei neste åra livnærte Bernard-Marie Koltès seg av ymse strøjobbar medan han skreiv. Favorittjobben var som billettvakt på kino, for da fekk han sjå filmane gratis. Teater hadde han derimot mindre til overs for, dei få framsyningane han såg oppfatta han som uinteressante og gammaldagse.

Bernard-Marie Koltès var dramatikaren som hata å sjå teater. Likevel skreiv han nokre av dei mest gripande verka i fransk dramatikk før han døydde av AIDS i 1989, berre 41 år gamal. I einsemda på bomullsmarkene er eit av dei. Foto: Elisa Ruiz.

Så kvifor denne trongen til å skrive for teatret? Jo – på grunn av ein brennande lidenskap for det talte språket. Koltès skreiv tekstar som skulle bli snakka. «Teatret er handling, og eg prøver å bruke språket som eit handlingselement», seier Koltès i eit intervju i Theater Heute hausten 1983. Dei stadige reisene hans var viktige kjelder til inspirasjon. «Ein del av livet mitt er å reise, den andre er å skrive (…) Når ein ikkje lenger kan tale sitt eige språk, endrar tankane seg, og små hendingar som går føre seg utan språk, blir viktige på ein heilt ny måte.»

I løpet av sitt korte liv reiste Koltès mange gonger til Afrika. Der henta han inspirasjon til nokre av dei mest kjende stykka han skreiv, til dømes Negrar og hundar i kamp. Handlinga i dette stykket går føre seg på ein europeisk-finansiert byggjeplass i Vest-Afrika. Ein afrikansk mann, Alboury, kjem for å hente liket av sin døde bror, men blir i staden tilbydd ein sum pengar av byggeleiaren, som i realiteten ikkje anar kvar den døde kroppen har blitt av.

I stykket Tilbake til ørkenen er handlinga plassert delvis i Algerie og delvis i Koltès sin eigen fødeby, Metz. Den algeriske krigen var ein konflikt Koltès vaks opp i og fekk inn med morsmjølka. Ikkje berre var det ei generell haldning i Frankrike etter andre verdskrigen om at Algerie var ein soleklar del av landet, ein del som berre tilfeldigvis fann seg på eit anna kontinent, men Koltès sin eigen far var dessutan stasjonert i Algerie. Samstundes handlar ikkje stykka til Koltès om konkrete politiske konfliktar, i alle fall ikkje direkte. Det er urettferd, kriminalitet og vald som typisk menneskelege kjenneteikn som opptar han, uavhengig av kva for krigar som blir kjempa rundt om i verda.

«Eg likar ikkje kjærleikshistorier»

«Eg likar ikkje kjærleikshistorier,» seier Koltès i 1983. «Dei fortel så lite.» I staden er det den kjølege, avtalte intimiteten, den kalkulerte, avtalte lojaliteten og den kyniske, avtalte handelen som står i fokus, og det er når nokon utfordrar rammene for desse stillteiande avtalene, at dramaet vert sett i gang.

Særleg er dette tydeleg i I einsemda på bomullsmarkene, der heile stykket opnar med ei skildring av nett ein slik avtale, ein deal: «Ein deal er ein forretningstransaksjon (…) som blir inngått (…) ved semje i det stille, ved hjelp av teikn eller tvitydig kommunikasjon (…)». Vi møter ein kjøpar og ein seljar, og Koltès har utstyrt begge med lange, dirrande replikkar som snirklar seg stadig nærare kjernen, som i dette tilfellet er objektet for handelen, altså varen; ein vare ingen av dei vil setje ord på og ingen vil vedkjenne seg behovet for.

I einsemda på bomullsmarkene spelte på Det Norske Teatret i 2015. På scenen stod Hallvard Holmen og Lasse Kolsrud. Foto: Fredrik Arff.

Trass i den elegante, poetiske retorikken får ein likevel ei kjensle av at dialogen mellom dei to er eit skjørt byggverk som når som helst kan kollapse, og da vil katastrofen bryte laus.

Koltès byggjer ikkje intrigar, han går rett til konflikten og set hardt mot hardt, som ein retorisk boksekamp. Han byggjer heller ikkje karakterar, men let personane vere representantar for motstridane kulturar. På denne måten blir konflikten global, og ikkje mellommenneskeleg. Han utforskar det rommet som er det siste halmstrået, det siste forsøket på diplomati før kommunikasjonen blir valdeleg. Men kva seier han? At hangen til vald og drap ligg i oss alle, og berre tilfeldigheiter avgjer om han kjem fram i oss eller ikkje? At mennesket er territorialt og brutalt som eit vilt dyr, og at dette dyriske berre er skjult under ei glatt fasade av kultur?

Våren 2024 speler Roberto Zucco på Det Norske Teatret. Dette var det siste stykket Koltès skreiv. Tittelrolla blir spelt av Carl Martin Eggesbø.

Kanskje er det slik at det er Koltès sin fascinasjon for the deal som fekk han til å velje teatret som sitt medium. Når alt kjem til alt er teatret i seg sjølv avhengig av ein deal for å eksistere, nemleg dealen mellom mottakar og tilbydar, mellom publikum og skodespelar. Kvar einaste gong ei framsyning tek til er det som følgje av ein slik deal. Publikum oppsøkjer staden der dei veit at framsyninga skal skje, dei kjøper billett og går inn og set seg i salen.

Der sit dei stille i mørkret medan skodespelarane spelar for dei, ved å seie ord og gjere rørsler dei har avtalt på føre hand. Etterpå klappar publikum for skodespelarane og går heim. Ingen treng å seie noko for å vite kva dei skal gjere, alt er avtalt på førehand, det er avtalt spel, det er ein deal og den er skjør, men vi strekkjer oss langt for å verne den, for ingen veit kva som vil skje viss den blir broten.

Kjelder:
Nolwenn Le Diuzet: Bernard-Marie Koltès: un theatre du paradoxe
David Bradby (red): Bernard-Marie Koltès. Plays 1