Bakgrunnsartikkel

Arne Lygre - Tilbake til røtene

Den prislønna og internasjonalt anerkjende dramatikaren Arne Lygre har med Tid for glede skrive sitt mest omfattande verk.

Skrive av
Anders Hasmo
Anders Hasmo
Dramaturg

Her gir han eit nærbilete av 16 karakterar som på Hovudscenen på Det Norske Teatret blir spelt av 8 skodespelarar. Tid for glede er også det første skodespelet Lygre har skrive på nynorsk og det er også første gongen Lygre blir spelt i det store formatet som Hovudscenen gir. Med eit presist og rikt språk har teksten fått eit gjennomarbeidd og løfta uttrykk med sterke språklege verkemiddel. Sjølv om dramatikaren nok kjem til å skrive på bokmål andre stader, så kjennest det for oss på Det Norske Teatret som at han har kome «heim» til språket han vaks opp med i den nære familien.

Lygre er ein av dei viktigaste samtidsdramatikarane i landet og han har skrive tolv skodespel og er tildelt Brageprisen for novellesamlinga Tid inne. I 2013 fekk Lygre Ibsenprisen for stykket Jeg forsvinner og i 2017 han fekk Heddaprisen for beste scenetekst med La deg være. Lygre er omsett til over 20 språk og blir spelt på viktige scenar over heile verda. Etter urpremieren på Det Norske Teatret, er det også planlagt eigne isenesetjingar av Tid for glede på Odeon Théâtre i Paris og på Dramaten i Stockholm hausten 2022.

Artikkelen er publisert 15. november 2021.