Notis

The White Card

av Claudia Rankine

Måndag 19. august kl. 20.00 på Litteraturhuset

 Kjøp billettar hos Ticketco

Kvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen?

Ein høgt akta kvit kunstsamlar inviterer ein ung svart kvinneleg kunstnar på middag. Han samlar på kunst som omhandlar svart liding, og no vil han investere i hennar verk. Stykket får publikum til å vri seg i ubehag, etter kvart som middagsselskapet havarerer.

«Kva kan eg gjere for deg», spurde ein kvit mann i publikum etter at Claudia Rankine hadde prata om diktboka si, Citizen [Medborgar]. Etter ein augneblink med nøling svarte Rankine at «eg trur spørsmålet du burde stille, er kva du kan gjere for deg». Deretter gjekk ho heim og skreiv teaterstykket The White Card.

For første gong blir det ei iscenesett lesing av stykket utanfor USA, i norsk språkdrakt ved Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen.
Lesinga er eit samarbeid med Litteraturhuset og Det Norske Samlaget.


Skodespelarar: Eivin Nilsen Salthe, Ellen Birgitte Winther, Judy Nyambura Karanja, Karl-Vidar Lende og Øyvin Berven.
Regissør: Øyvind Osmo Eriksen.

Sjå òg Claudia Rankine i samtale med Athena Farrokhzad kl. 18.00 og høyr Rankine snakke om eksperimentelle svarte forfattarar i sitt foredrag tysdag 20. august kl. 18.00.