Meld ifrå! #stilleforopptak

I Aftenposten ikveld 16. november og via #metoo kjem det fram historier om seksuell trakassering i kulturlivet som er skakande. Frå m.a. film, scenekunst og media høyrer vi om stygge overgrep og krenkande og sterkt upassande åtferd. Som teatersjef og direktør ønskjer vi openheit, også rundt vanskelege og alvorlege tema som dette. Ved Det Norske

I Aftenposten ikveld 16. november og via #metoo kjem det fram historier om seksuell trakassering i kulturlivet som er skakande. Frå m.a. film, scenekunst og media høyrer vi om stygge overgrep og krenkande og sterkt upassande åtferd. Som teatersjef og direktør ønskjer vi openheit, også rundt vanskelege og alvorlege tema som dette. Ved Det Norske Teatret har vi fleire kanalar for å ta opp uakseptable forhold. Hos oss kan ein melde frå til nærmaste sjef, til personalsjef, verneombod, tillitsvald eller ein kollega ein stoler på. Vi arbeider kvar dag for at tilliten til leiinga skal vere høg. Vi har tett og god kontakt med verneombod, bedriftshelseteneste og tillitsvalde frå alle grupper. Kvar veke har vi møter med alle produksjonar som anten er under prøve eller spel. Vi har gjennomført medarbeidarundersøkingar i 2011 og 2013, og har ny undersøking på planen på nyåret. Vi held vidare på med innarbeidinga av ein avviksapp, der ein skal kunne varsle om alle formar for avvik og alvorlege hendingar. Denne appen blir tilgjengeleg for alle tilsette, og har mellom anna ein funksjon der ein kan varsle anonymt til personalsjef om upassande åtferd.
Upassande åtferd og seksuell trakassering er ikkje akseptert på Det Norske Teatret, og vil aldri bli det.

Norsk teater har endra seg dei seinare åra. Det som tidlegare var tunge mannsbastionar har fått sunn og viktig balanse ved at kvinnene har tatt leiande posisjonar. Ved dei fire nasjonale scenekunstinstitusjonane sit det no to kvinnelege teatersjefar og både opera- og ballettsjefen er kvinner. Tre av desse institusjonane har kvinnelege direktørar og alle dei fire scenekunstinstitusjonane har kvinnelege styreleiarar. På Det Norske Teatret er det 4 menn og 4 kvinner i leiargruppa, på mellomleiarnivå er det hhv 8 og 7. I huset som heile er det 50/50 fordeling mellom kvinner og menn. Dette bidrar til større likeverd og til ein meir open dialog rundt spørsmål som m.a. seksuell trakassering. Vi har hatt eit allmøte der dette var blant temaene, og vi er i god dialog med dei tillitsvalde skodespelarane. Vi planlegg vidare eit møte med heile ensemblet for å snakke om arbeidskultur og korleis vi kan vidareutvikle den gode dialogen om desse spørsmåla.
I tillegg har vi spelt inn til NTO behovet for ei ny og grundigare kartlegging av omfanget i bransjen som heile. NTO har idag varsla at dei saman med dei andre arbeidsgivarorganisasjonane på feltet vil ta initiativ til å få fram nye tal og fakta. Dette støttar vi fullt og heilt.

Det Norske Teatret følgjer retningslinene for norsk arbeidsliv, og både skal ha og har rutinar til å fange opp saker som dette. I denne teatersjefens periode har det ikkje vore rapportert inn nokre tilfelle av seksuell trakassering, men vi oppmodar sterkt til å melde frå dersom ein skulle oppleve slik åtferd. Er tilfella grove, skal dei meldast til politiet. Arbeidsmiljøet på Det Norske Teatret skal være trygt, godt og inkluderande for alle.

Teatersjef Erik Ulfsby og Direktør Åse Ryvarden

Det Norske Teatret, 16. november 2017