Årsmelding og rekneskap vil vere tilgjengeleg frå 17. april.
Innstilling i sakene 5.-7. vil vere tilgjengeleg frå 24. april.
Personlege eigarar:
For førehandsregistrering og for å unngå kø kan du førehandsregistrere deg hjå Equro.
Gå inn på Equro (tidlegare Nordic Issuer/ Aksjeservice).
Klikk på «Logg inn» øvst til høgre og logg inn med BankID.
Røystesetelen får du når du kjem i teateret.
Frist for førehandsregistrering: fredag 24. april kl. 10:00
Registreringa i teateret opnar kl. 12:00 søndag 26. april.
Kulturprogram etter årsmøtet
Samlaget og Det Norske Teateret inviterer til eit kulturprogram i Bikuben etter kvart sitt årsmøte der alle er velkomne. Det blir utdrag frå musikalen Pippi på sirkus, prisutdeling, og forfattarsamtale med vinnar av Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2025, Anne-Lise Frøland, og forfattar og tidlegare vinnar av prisen, Sigmund Løvåsen.
13.30: Servering av kaffi og noko attåt frå kl. 13.30
13.45: Program
- Velkommen
v/ Edmund Austigard og Kjersti Horn
- Prisutdeling
- Musikalsk innslag frå Pippi på sirkus
v/ Natalie Bjerke Roland og Svenn Erik Kristoffersen
- Forfattarsamtale
v/ Anne Lise Frøland og Sigmund Løvåsen
- Utdeling av Samlagets heiderspris
Hjarteleg velkommen!