Songfuglen

  • Scene : SCENE 2
  • Varigheit : 1 TIMER OG 30 MIN (IKKJE PAUSE)
  • Pris frå: 200 ,-
  • Premiere: 26. august 2016

Musikk: Sandra Kolstad

Eit storslått vrengebilde av eit samfunn der menn er fritt vilt.

Jakoba er tidleg i tenåra, og ikkje som andre barn. Han er gut. Ingen må få vite det. For dette er ei kvinneverd. Mennene er drivne ut for fleire generasjonar sidan, og er no i ein slags konstant geriljakrig med kvinnefellesskapet. Jakoba kjenner dei berre som fjerne og mystiske brøl frå skogen. Han er tatt ut av skolen, og mora blir overlykkeleg da han blir akseptert som elev hos ei respektert songlærarinne. Han innleier eit farleg forhold til tenestejenta hennar, og kjenner på drifter og kjensler han ikkje ante fanst, og som han ikkje heilt veit å kontrollere.

Han har alltid visst at det er farleg å vere mann, og byrjar no å ane kor farleg. Men kva som må til for at han skal kunne fortsette å synge, ja, fortsette å leve, er noko alle andre enn Jakoba forstår.

Musikk av Sandra Kolstad

Artisten og komponisten Sandra Kolstad står for musikken til Songfuglen, der musikk og song står sentralt. I mange totalitære samfunn har nettopp songen ein viktig funksjon som korreksjon. Songen har gjerne ei tydeleg moralsk og oppdragande oppgåve og er både propagandaverktøy og limet i den einsretta kulturen.

Jan Roar Leikvoll

Bekmørk tematikk i eit vakkert språk, går igjen i omtalane av forfattaren Jan Roar Leikvolls litteratur. Leikvoll døydde berre 40 år gamal i 2014. Demian Vitanza har fått i oppgåve å dramatisere Songfuglen, som blei den siste romanen hans. Husregissør Peer Perez Øian har gitt den groteske skrekkvisjonen av eit samfunn scenisk liv, eit samfunn der menn blir brukte til prostitusjon og avl, og gutebarn blir «tatt hand om».

INTRODUKSJON TIL SONGFUGLEN

Høyr psykolog Peder Kjøs i samtale med regissør Peer Perez Øian, dramatikar Demian Vitanza og komponist Sandra Kolstad. Opptaket er gjort i Bikuben før framsyninga.

LES MEIR I ARTIKLANE UNDER