Terningkast fem

«en av teatervårens mest overskuddslekne, lette og energiske forestillinger»

Terningkast seks

«En sjelden gavepakke av en forestilling» 

««Romeo og Julie» rommer noe av litteraturhistoriens aller vareste kjærlighetspoesi. Sammen løfter Tindberg og Osa den rike teksten ut til oss med dens mange nyanser, på en måte vi aldri har sett tidligere»

Nesten 40 år etter at dei stod på scenen saman som Romeo og Julie, møtest Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa igjen i dei same rollene. I bagasjen har dei nesten ein heil menneskealder av erfaring både med kjærleiken, kunsten og livet sjølv. Dette blir også den siste rolla til Tindberg som fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret.

Den udøyelege kjærleikshistoria til Shakespeare er den same som sist, likevel blir mykje annleis no når alder er snudd på hovudet: Dei eldste er tenåringar, og dei yngre skodespelarane fyller dei vaksne rollene. Kva hender når to som er eldre, spelar rollene som dei vilt forelska tenåringane Romeo og Julie?

På scenen med skodespelarensemblet er også musikar og artist Bendik (Silje Halstensen). Bendik har mellom anna vore nominert til årets liveartist under P3 Gull, har tre gonger vore nominert til Spellemannprisen i sjangrane årets indie og årets popartist, og i 2017 vann ho NOPAs tekst- og musikkpris. Til Romeo og Julie vil ho både omarbeide eige og andre sitt materiale, og også komponere nytt. Regien er ved Erik Ulfsby og scenografien ved Milja Salovaara.

«lukkast med å la teksten få skina»

Kort om Romeo og Julie

Romeo av huset Montague og Julie av huset Capulet er begge ungdomar frå overklassen, men kjenner ikkje kvarandre da handlinga tek til. Julie lever eit beskytta liv og veit ikkje mykje om verda utanfor husmurane. Familiane til dei to har lege i krig så lenge nokon kan hugse, ingen veit lenger kvifor, men miljøet rundt dei er prega av brutalitet og maktspel. Midt i valden og blodutgytinga finn Romeo og Julie kjærleiken. I kvarandre oppdagar dei eit anna menneske som forstår og godtek dei for den dei er. At dei to ikkje kan få kvarandre, gjer berre tiltrekkinga sterkare. Og farlegare. Forelskinga blir ei flukt frå den harde verkelegheita dei er vane med, og eit opprør mot foreldra – ei hemmeleg og giftig pakt som nesten ingen andre veit om.

Kva handlar eigentleg Romeo og Julie om? Kvifor har dette over 500 år gamle stykket framleis ein slik eineståande plass i teateret? Og kvifor blir no hovudrollene som dei to ungdomane spelt av skodespelarar som nærmar seg pensjonsalderen? I denne episoden får du svar på dette - og meir til. 

Kjøp digitalt program for 30 kroner.

Klok på eit klikk!

Vi veit alle korleis det går. Romeo og Julie er ei kjærleikserklæring til teateret som illusjon. I vårens versjon spelar dei eldste skodespelarane verdslitteraturens yngste kjærleikspar medan dei yngre kreftene får bryne seg på dei eldre karakterane. Svein Tindberg takkar av som fast tilsett ved teateret etter ei karriere som strekk seg over fem tiår.

Kjøp digitalt program

Showpakker (hotell + billett)

«En fest for øyet og øret»

Finn ut meir