Fridomens vegar

Kva gjer testsamfunnet med oss?

Etter alt å dømme lever vi i den friaste av alle verder, der folk kan ta den vegen dei vil og forandre retning på livet når dei vil. Men for å vere fri, må du bestå testen. "Fridomens vegar" undersøkjer kva den utstrakte testinga vi blir utsette for i dag gjer med oss.

Vegen til den individuelle fridommen er meir eller mindre brulagt med testar og testarar. Gjennom utstrakt testing prøver vi å forme naturen i vårt forskingsbaserte bilde. Er du innanfor eller utanfor normalen? Har du det som krevst for jobben? Dersom du på noko vis fell utanfor normalområdet, skal du få hjelp til å bli mest mogleg normal. Men kan naturen eigentleg kontrollerast? Og kven er bestemmer kva som er normen? Kven lagar testane?
Og ikkje minst: Kven testar testaren?

Alle testar alle?

I Fridomens vegar blir både skodespelarane og publikum testa. I ein avslappa pubquiz-setting med bar blir publikum delte inn i lag og testa i alt frå musikk- til biologikunnskapar. Men også skodespelarane blir sette på prøve. Bjørn (Joachim Rafaelsen) blir innkalt til eit slags jobbintervju med eit innleigd firma for å finne ut om han har det som skal til for å få engasjement i to nye år ved teateret. Marie (Ane Dahl Torp) tar ein personlegdomstest, og får eit overraskande resultat. Ane (Marie Blokhus) testar seg for ein genetisk arveleg sjukdom. To barn blir sende ut i verda for å finne ut kven som laga det omstridde «solfaktor»-spørsmålet i Pisa-testen – ei jakt som fører dei langt over rikets grenser.

Etiske dilemma

Kan ein saksøkje foreldra sine dersom dei visste at dei kunne føre vidare ein genetisk arveleg sjukdom? Er det ein grunn til at dei på vestkanten tener meir enn dei på austkanten? Skal dei som har anlegg for ein genetisk arveleg sjukdom betale høgare livsforsikring? All kunnskap vi får, gir oss nye dilemma. Vi kan få kunnskap vi ikkje visste at vi ikkje ville ha.
Er det nokon som profiterer på det dei får vite om nettopp deg?

Prosjektet er støtta av Prosjektetprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid.