ETTERLYST: JESUS

  • Scene : HOVUDSCENEN
  • Varigheit : 1 time 40 min (ikkje pause)
  • Pris frå: 275 ,-
  • Premiere: 27. august 2016

Kva for ein Jesus treng vi i dag?

Da Bjørn Eidsvåg vaks opp i Sauda, var Jesus den store helten. Han var god, snill og rettferdig. Ein superhelt tøffare enn Tarzan!

Vesle Bjørn var sikker på at Jesus alltid ville passe på han. Men i ungdomstida blei Jesus mykje strengare. Ikkje likte han langt hår, ikkje rytmisk musikk og heller ikkje at kvinner blei prestar. I studietida endra Jesus seg ytterlegare, og Bjørn Eidsvåg kunne konstatere at Jesus var annleis i Oslo enn på heimplassen. Her var han ein slags kul hippietype som forkynte peace and love. Seinare blei han presentert for ein sosialistisk Jesus og ein som inspirerte folk til å gjere godt, som ein Gandhi eller Nelson Mandela.

Men òg ein som inspirerte dei som grunnla Ku Klux Klan. Jesus var i sanning allsidig. Og han endra seg frå stad til stad og med tida. Bjørn Eidsvåg har med framsyninga Etterlyst: Jesus prøvd å finne ut kven Jesus eigentleg er. Er det mogleg å finne ut? Og kva er det ved denne figuren som gjer at han påverkar oss menneske så sterkt?

Saman med Svein Tindberg og det faste bandet sitt vil Bjørn Eidsvåg prøve å finne ut om vi treng ein Jesus i dag. I så fall kva for ein Jesus? Med både nytt og gammalt songmateriale, mykje humor og tidvis i god bedehusstil vil dei leite i kulturhistoria – og i eiga oppveksthistorie – for å teikne eit bilde av den Jesus som både dei og kanskje publikum ønskjer seg i dag.

BJØRN EIDSVÅG OG FRANK KJOSÅS I TEATERPODDEN

Ein samtale om religion, underlege teateropplevingar og aktuelle framsyningar!

Om ikkje religionane spissar vår humanitet og skjerper vår medkjensle, kva skal vi med dei da?

Etterlyst-Jesus-Det-Norske-Teatret-2016

Høyr musikken frå framsyninga:

FÅ EIN INTRODUKSJON TIL FRAMSYNINGA

Olaf Aagedal er sosiolog og har forska på bedehuskulturen. I dette opptaket kan du høyre introduksjonen hans til Etterlyst:Jesus.

Petter Skippervold, universitetsstipendiat og forlagsredaktør, har gitt ut bøker som Fenomenet Bibelen og Bibelen i populærkulturen. Du kan høyre Skippervold introdusere framsyninga i Teaterpodden.

HALVOR MOXNES INTRODUSERER ETTERLYST: JESUS

I BIKUBEN: 25. OG 26. MARS KL. 17.15 OG 25. APRIL KL. 19.15

«Med Etterlyst: Jesus har Bjørn Eidsvåg skapt ei ny form for kyrkjekritikk; ein syntese av musikal, teater og vekkingsmøte rundt Jesus som treffer folk midt i hjarta,» skriv Halvor Moxnes i Syn og Segn. Kven var Jesus, og korleis speglar spørsmål om Jesus kulturen og kyrkjelivet i samtida?. Moxnes er professor i teologi ved Universitetet i Oslo, med særskild interesse for Det nye testamentet og den historiske Jesus. Høyr han introdusere framsyninga i Bikuben. Introduksjonane er gratis og du treng ikkje billett.

PETTER SKIPPERVOLD INTRODUSERER ETTERLYST: JESUS

I BIKUBEN: 19. FEBRUAR OG 12. MARS KL. 17.15, 29. MARS KL. 19.15

Jesus er ikkje norsk. Det er meir enn 2000 år sidan han levde. Likevel dukkar han ofte opp i norsk offentlegheit, der han skapar debatt. No er det den folkekjære artisten Bjørn Eidsvåg som lagar Jesus-overskrifter. Vi spør: Korleis kom Jesus hit, frå Palestina til det kalde nord? Korleis har Jesus prega vår kultur, og kva tenkjer vi om Jesus i dag? Universitetsstipendiat og forlagsredaktør Petter Skippervold gir ei innleiing til framsyninga Etterlyst: Jesus. Han har skrive ei rekkje artiklar og kronikkar, og utgitt bøker som Fenomenet Bibelen og Bibelen i populærkulturen. Introduksjonane er gratis og du treng ikkje billett.

OLAF AAGEDAL INTRODUSERER ETTERLYST: JESUS

I BIKUBEN: 26. APRIL KL. 19.15, 6. OG 7. JUNI KL. 19.45.

Bjørn Eidsvåg vaks opp i bedehuskulturen i Sauda, med flanellograf, basar og store kaffikjelar kombinert med allsong og forkynning. I mange lokalsamfunn er nettopp bedehuset samlingspunktet for befolkninga. Olaf Aagedal er sosiolog og har forska på bedehuskulturen. Høyr han introdusere Etterlyst: Jesus i Bikuben før framsyninga. Introduksjonane er gratis og du treng ikkje billett.

 

LES MEIR I ARTIKLANE UNDER