Drake-zoo

  • Scene : SCENE 2
  • Varigheit : ca. 20 min
  • Pris frå: 50 ,-
  • Premiere: Urpremiere 6. april 2017

Teater for barn 0-3 år

Bli med til ein zoologisk hage for drakar!

Korleis rører ein drake seg? Kva for lydar lagar han?

Dieserud/Lindgren inviterer dei aller yngste til å bli nærare kjent med drakar. Her er ein jungel av planter, røyk og lydar. Og tre drakar! Framsyninga formidlar inga konkret historie, men sanselege opplevingar gjennom song, lyd, rørsler og leik.

Video frå den tidlegare framsyninga Korall Koral:

Erfarne med baby-teater

Hanne Dieserud og Christina Lindgren har fleire produksjonar for denne målgruppa bak seg, i 2013 hadde Det Norske Teatret besøk av framsyninga deira Høgt oppe på fjellet, laga i samarbeid med komponisten Maja Ratkje. Dei har også hatt stor suksess med baby-operaen Korall Koral, som er blitt vist til saman nesten 500 gongar i 10 land. I Drake-Zoo har dei undersøkt draken som zoologisk vesen og kulturhistorisk myte. Med seg på laget har dei komponisten Julian Skar og dramatikaren Maria Tryti Vennerød, som har laga små drake-vers.

Framsyninga er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Dieserud/Lindgren
og er støtta av Norsk Kulturråd og Fond For Lyd og Bilde.