11 år

  • Scene : HOVUDSCENEN
  • Varigheit : 1 TIME 10 MINUTT
  • Pris frå: 200 ,-
  • Premiere: Urpremiere 23. mai 2017
  • 11 år
    Måndag 29.Mai 2017 kl 13:00
    Utseld
  • 11 år
    Tysdag 30.Mai 2017 kl 18:00
    Utseld
  • 11 år
    Onsdag 31.Mai 2017 kl 18:00
    Utseld
  • 11 år
    Torsdag 01.Juni 2017 kl 18:00
    Utseld

Ei historie om kjærleik, einsemd og forskyving av ansvar.

Sjå inn i skolegarden. Du får auge på han som leitar etter gymbagen sin i containeren. Og ho som spring så fort at matboksen dett ut av sekken. Det du ikkje oppdagar, er jenta på elleve år som gjer eit turnnummer i klatrestativet. Rett før sola fyller heile plassen.

Kva ansvar har vi som vaksne?

Kva fangar blikket? Kva ansvar har du for å forstå det du ser? Den elleve år gamle jenta døyr. Korleis kunne det skje? Og korleis sørger vi for barna våre?

I 11 ÅR opplever ein ung lærar at ein av elevane hennar, ei elleve år gamal jente, tar sitt eige liv. No skal ho møte jentas foreldre og rektoren ved skolen. I veska har ho noko ho har gløymt å fortelje om.

Publikum er vitne

I forarbeidet til 11 ÅR har Goksøyr & Martens intervjua foreldre, barn, forskarar, juristar og tilsette i skoleverket. Historia spelar seg ut i ein skolegard. Publikum ser handlingane mellom tretti barn og sju vaksne aktørar frå eit fire meter høgt stillas. Eit headset til kvar formidlar hendingar og samtalar frå eit av skolens klasserom.

Goksøyr & Martens

Høyr regissørene fortelje om 11 år i Teaterpodden. Dei diskuterer fugleperspektiv, samarbeidet med Ane Brun og kva dei eigentleg ønskjer at publikum skal ta med seg på vegen ned frå stillasa.

Kompaniet blei etablert i 1997 av Toril Goksøyr og Camilla Martens. Dei nyttar dokumentariske strategiar i arbeidet, autentiske element som knyter kunsten til røyndomen. Goksøyr & Martens har vist framsyningane sine på Samtidsmuseet, Nationaltheatret, Johannesburg Art Gallery, Teaterfestivalen i Avignon, Schaubühne i Berlin, Art saloon Belgrade, Liverpool-biennalen og Venezia-biennalen.

Goksøyr & Martens er støtta av Norsk kulturråd, Fritt Ord og Bergesenstiftelsen. Prosjektet er utvikla ved Dramatikkens hus. Dei fleste barna som er med i stykket er rekrutterte frå Den Mangfaldige Scenen og Møllergata skole.

NB: Vi gjer merksame på at framsyninga har ei annleis tribune enn det vi vanlegvis har på teatret. Publikum sit på eit fire meter høgt stillas og ser ned på scenen.

LES MEIR I ARTIKLANE UNDER