Ytring

Vi må bli betre!

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Dei siste vekene har vi hatt ein høgst nødvendig debatt om rasisme. Både den groteske, manifestert i vanvettige bilde frå USA, og den kanskje mindre synlege, men likevel altfor nærverande rasismen vi stadig må konfrontere her heime. Det Norske Teatret støtter heilhjarta kampen mot rasisme og for eit likeverdig og mangfaldig samfunn. Den er uløyseleg knytt til samfunnsoppdraget vårt, nemleg kunst som frie ytringar. Vi erkjenner at vi ikkje på nokon måte er komne langt nok i dette viktige arbeidet.

I særleg grad gjeld dette rundt scenen. Regissørar, scenografar, koreografar, lys-og lyddesignarar, scenearbeidarar er nærast alle heilt kvite. Det same gjeld fleire sentrale yrkesgrupper og premissleverandørar. Slik kan det ikkje vere framover. Teateret står i fare for å miste legitimitet og kreativ nyskaping. Her må vi bli betre. Ikkje litt, men mykje betre.

Skal endringsprosessar verkeleg få fart på seg, så kan ein ikkje rykke tilbake til start og begynne heilt på nytt kvar gong. Ein må byggje vidare på relevante erfaringar og ta med seg relevante folk og relevant kompetanse. Då eg gjekk ut av teaterskolen for snart 30 år sidan, så var det berre sporadiske innslag av fleire hudfargar enn ein på norske scener. Heldigvis og sjølvsagt er vi i dag ein annan stad.

Det må vi ta med oss, for vi har verken råd eller tid til å la vere. Vi må leggje merke til at det som var gyldig for ikkje lenge sidan, er i endring. Til dømes det at ein ikkje kan få roller utan at hudfarge er eit poeng. Det er lite som har gjort meg meir glad dei siste åra enn at vi no faktisk kan tildele roller utan anna i tankane enn at ein god skodespelar er ein god skodespelar. At hovudrolla som Charlie i «Charlie og Sjokoladefabrikken» vert spelt av ein mørk gut den eine dagen og ein lysare gut den neste, utan at nokon tenkjer anna enn at begge er supergode. At gode skodespelarar frå ulike kantar av verda spelar Solveig, Dovregubben og Den Grønkledde i Peer Gynt på Hovudscenen utan at ein einaste kritikar snakkar om dei som anna enn skodespelarar, at Sara Khorami gjer tittelrolla i Antigone på same scene, og i neste sving får Gullrute-nominasjon for si viktige rolle i ein stor TV 2-serie, at Judy Karanja og Ane Dahl Torp er søstrer i Lear, at Mimmi Tamba er strålande som Girl i Lazarus. Det finst mange fleire eksempel berre frå det siste året på Det Norske Teatret. Dette er endring, og det betyr noko. Det er skritt i rett retning, og viktige skritt. Dei gjer det umogleg å snu, og dei gjer vegen vidare litt kortare. Men vi er ikkje i mål. Langt ifrå.

Det Norske Teatret må derfor jobbe endå hardare for å halde seg relevant framover. Vi må utfordre oss sjølve tøffare, både politisk og kunstnarleg. Ingen på Det Norske Teatret får gløyme at teateret vårt blei til for at folk som andre meinte ikkje passa inn, skulle ha ein plass, sin plass - i hjartet av hovudstaden. Vi må ta lærdom av framsyninga BEST av og med Stovner Bokseklubb på Rommen Scene, og vi må la dei det handlar om definere og fortelje meir. Vi må jobbe endå meir bevisst når vi rekrutterer på og rundt våre mange scener. Vi har allereie fått utruleg mange bra folk med på laget. No skal vi ta nye skritt i ein viktig kamp saman, og gi plass til fleire som vil vere med.