Ytring

Vi har trua på 2021!

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Det er godt å sjå litt framover no. Snart er 2020 historie. Ved inngangen av året var eg forventningsfull til det nye tiåret, og var særleg spent på kva for straumdrag og tendensar som ville gjere seg gjeldande. No på tampen av det første året vel eg å tru at 2020 blir ståande i særstilling når vi summerer opp 20-talet.

Eg har trua på 2021. Det skal i alle fall ikkje stå på Det Norske Teatret. No lanserer vi ein heftig vårsesong, med sterk tillit til vaksiner og håp om fulle hus! Hever vi blikket over nyttår, er det ikkje mindre enn elleve nye titlar å få auge på i repertoaret. I tillegg har vi Tolvskillingsoperaen som ingen har fått sjå enno. Situasjonen for teaterfeltet er alvorleg, men planlegging og prøver går heldigvis som normalt. Det har stor betydning for oss og for publikum. Når Det Norske Teatret er tilbake, er det eit teater som meir enn nokon gong er motivert for å treffe publikum og som har brukt tida godt til å førebu eit samansett og utfordrande repertoar.

I vårens rikhaldige program finn vi alt frå historier som fangar dei nære og menneskelege dilemmaa, til lokale heltar, modige småenglar, økofilosofi og til spørsmål om kva rolle hitlåtar kan spele i menneskets utvikling. Det er dramatiske familiekrøniker, humor, vestlandsregn og deregulering av finansmarknaden. I alt er det fem urpremierar, fire noregspremierar, ein moderne klassikar og eit diktprogram, i tillegg til dei mange framsyningane vi held liv i for å kunne tilby dei for publikum igjen. Det er med andre ord mykje å gle seg til!

På Hovudscenen er det unekteleg fascinasjonen for det amerikanske som pregar programmet. Det blir hevda at for å forstå eit så stort og folkerikt land som USA, må ein gå til kulturen og kunsten. Vi tar ikkje mål av oss å forklare det amerikanske samfunnet, men på Hovudscenen har vi i vår tre titlar som på kvart sitt vis belyser sider ved den amerikanske draumen og sjela. Vi opnar med nedgangstider og marginaliserte menn på jakt etter jobb i Om mus og menn - i eit rått miljø der kampen om å overleve blir det viktigaste. Lehmantrilogien er historia om familien som bygde eit imperium som kollapsa og utløyste tidenes største finanskrise i 2008. Into the Woods er Stephen Sondheim-musikalen som lenge har vore etterspurt blant publikum. Her vil barn i alle aldrar kunne glede seg over skogens mystiske tiltrekkingskraft. Tre svært ulike stykke, altså, men som på forunderleg vis kan seie oss noko om eit samfunn som for nokre er full av moglegheiter og eventyrleg suksess, men som for andre har store omkostningar og der livet fort kan bli snudd til eit mareritt.

På Scene 2 opnar vi med eit sterkt og brutalt drama av Alice Birch, Om sjølvmordets anatomi. Undersøkinga tar utgangspunkt i tre generasjonar kvinner og stiller spørsmål ved om nokre familiar er meir disponerte for sjølvmord. Den meritterte tyske regissøren Lars-Ole Walburg driv prøvar via Teams i perioden han sit i karantene. Det skal ikkje stå korkje på smittevern, tryggleik eller nye måtar å drive prøvar på.

Are Kalvø erobrar seinare Scene 2 i eit forsøk på å toppe VG-lista. Han lurer ganske enkelt på om svara på meininga med livet er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Avslutningsvis slepper vi ein gammal kjenning til på Scene 2. Frode Grytten har skrive eit drama om flaumen – kva som skjer når den faktisk råkar eit samfunn og korleis også hemmelegheiter og gamalt grums kan flyte til overflata som resultat.

På Scene 3 har vi også eit fint og variert repertoar. Først ut er Trini Lund som takkar av etter 45 år i ensemblet med diktframsyninga Lund og Lorca. Så tar Ludvig Uhlbors med seg sin fascinasjon for den gamle kjempa Arne Næss inn i scenerommet, i sin eigen tekst som har fått tittelen Arne Næss og fjellets løyndom. Den minste engelen er tittelen på Alf Kjetil Walgermos stykke om Mikel, den yngste - og viser seg meir opprørske eleven på engleskolen, og sist, men ikkje minst er Iren Reppen tilbake på Scene 3 med siste del av trilogien Det e hardt.... Denne gongen handlar det om kjønn og makt i Det e hardt å være B**CH.

Mange trur at vi er stengt. Det er både sant og ikkje heilt sant. Vi får ikkje lov til å spele for publikum. Men det er ein heilt klar føresetnad for drifta vår at vi kan halde fram med prøvar og at vi kan planlegge for alternativ publikumsretta aktivitet i perioden som krev så mykje av oss alle. Derfor jobbar vi målretta for å kunne formidle scenekunsten som best det lar seg gjere. Vi spelar Bienes historie og Villanda i direktestrøymde sendingar, samstundes som vi jobbar for å vere klare til å opne dørene for publikum med eit nytt repertoar vi har stor tru på. Når det skjer, er vi meir speleklare og lykkelege enn nokosinne. Og derfor har eg sterk tru på at 2021 skal bli eit fantastisk teaterår!