Ytring

Tolvskillingseventyret

Den merkelegaste prøvetida i Det Norske Teatret si historie er endeleg over. 14. august er det eit faktum – det kjem publikum i salen på Tore Vagn Lids oppsetjing av Tolvskillingsoperaen. I over 18 månader har Vagn Lid prøvd, justert, kasta om på planar, tilpassa og omrokkert. Men viktigast av alt, halde motet oppe i ensemblet. Her er hans siste og avgjerande ord til gjengen før han overlet Tolvskillingsoperaen til publikum og ein spesiell premiere.

Skrive av
Tore Vagn Lid
Tore Vagn Lid
Regissør Tolvskillingsoperaen

Hei kollegaer
Takk for sist …
Den gongen trefte vi – for andre gong – ein smittetopp, og møtet mellom vår framsyning og dei vi har laga ho for blei igjen utsett.
Men denne gongen skal det gå! Og fordi alle gode ting jo er tre, så kjem her nokre tankar før vi gyver laus på Hovudscenen.

Utanfor drar det seg mot haust. På veg ned frå Hardangervidda såg eg allereie gule blad. Og det er jo der vårt eventyr om Tolvskillingen startar. For når ouverturen speler opp, vil det alt ha blitt vinter. Men snøen lar vente på seg. Tilgangen til snø vil derfor koste meir enn nokon gong, det same gjeld eigedomsretten til fjell og vatn. Prisane synest å følgje himmelranda; jo høgare opp, jo dyrare. Samtidig har dei lågaste nede, dei som mista sine sparsame offentlege stipend og midlertidige stillingar under den store pandemien, aldri riktig fått dei tilbake. Som i naturen gjeld det no i kongeriket den sterke sin rett. Men sterk kan jo vere så mangt, og treng ikkje – som den unge Polly Peachum anar – alltid å bli målt i musklar og pengar. For det varme smilet, klemmen, kroppen og den tilsynelatande naiviteten kan ofte føre ein langt høgare og raskare opp og fram. I ein blomstrande erotikk-industri (som den heilt nye mannen til Polly, den sexavhengige røvaren Mackie «Kniven» som i ein strikk blir trekt tilbake mot) har dei prostituerte fått konkurranse frå smarte dokker som tilbyr meir, men kostar og (ikkje minst) klagar mindre. For å hindre at ein allereie lyssky, men like fullt lovleg (!) tiggar-business med arbeidsledige musikarar blir ført skam over av forbrytarbanden til dottera sin nye elskar, må altså det nyrike ekteparet Jonathan og Celia Peachum hindre denne uheldige klasserelasjonen, og det med alle middel.

Sjølv om noko er eventyrleg, så kan det jo vere farleg.

I den kommande påskehøgtida skal ein ny tronarving bli krona. Ei ny dronning! For å sikre karrieren sin som toppleiar i politiet, må den allereie korrumperte politimeisteren «Tiger» Brun forsøke å halde den slitne byen sin plettfri. Da finst det ikkje rom i offentlegheita for dei elendigaste av dei elendige; dei som berre har hatet mot alt og alle igjen å tape; dei som forretningsmannen Jonathan J. Peachum og hans gründerkollega og samlivspartnar Celia for lengst har skjønt at dei kan bruke, anten som godt organisert tiggar-mafia, eller eventuelt som ein potensielt øydeleggande mobb framfor katedralen i byen der sjølve kroninga skal finne stad.

Vi – eit lag av profesjonelle spelarar – har gått saman på ein stor scene i Noregs hovudstad for igjen å forsøke å fortelje denne eventyrlege og musikalske røvarhistoria. Samla rundt eit stort spel, med all verdas kamera, instrument, røyk, lys og lyd, bygger vi vår historie i same rom som tilhøyrarar og tilskodarar oppheld seg. Ikkje ulikt barn som speler med dokkene eller bamsane sine, speler de med dykkar rollefigurar (eller kall dei heller avatarar); «reven», «jerven» osb. Men sjølv om noko er eventyrleg, så kan det jo vere farleg. Og sjølv om det er lystig, er det ikkje nødvendigvis lyst. For «Reven» har kjevar og «haien» har tenner …

Gler meg til å sjå dykk igjen – enda ein gong!