Ytring

Takketale ved mottakinga av NPU-prisen

14. juni mottok Det Norske Teatret Norsk Publikumsutvikling-prisen i kategorien «Utvider» for det langsiktige, strategiske, og dedikerte arbeidet vi gjer med å gjere teaterkunsten relevant og tilgjengeleg for personar og grupper utanfor det etablerte teaterpublikummet. Vi er utruleg glade for anerkjenninga for arbeidet gjennom satsinga på det Multinorske, etableringa av DNT på Rommen, og for den digitale satsinga som har gjort det mogleg å delta under pandemien og nedstenginga av teateret.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Takk for dette, og takk for at de ser arbeidet vårt. For Det Norske Teatret er nettopp utvidingar ein hovudstrategi. Utvide og utvikle.

Vi vil utvide forståinga både av det norske, og av teatret. Vi vi vil utvide publikumet vårt, estetikken vår og ensemblet vårt. Desse utvidingane bidreg til nødvendig utvikling både av teateret, av by og av land. Det er eit samla teater som stiller seg bak ambisjonane våre, og det er utroleg mange menneske som i meir enn ti år har jobba målretta og hardt for å utvide Det Norske Teatret.

Ein særleg takk i dag til Eirik Nilssen Brøyn som har stått i spissen for utdanninga Det multinorske, og som saman med ein dedikert gjeng lærarar, mange henta frå eige ensemble, har bidrege til ei varig endring. Av Det Norske Teatret, og av norsk teater. Vi har utdanna 14 utroleg dyktige skodespelarar, alle med bakgrunn utanfor Europa, og som allereie markerer seg sterkt. I teateret, på TV og i film. Det har vore eit viktig arbeid. Takk til alle som har gjort dette mogleg.

Arbeidet vårt held fram med uforminska styrke, men flytter seg no over på andre arenaer enn skodespelararenaen. Vi tek sikte på å få på plass ei utdanning for dei kunstnarlege premissleverandørane; regi og scenografi, og vi jobbar med etableringa av eit talentprogram for dei som ønskjer å jobbe teknisk innanfor teateret. Ungdomar, til dømes her frå Groruddalen, med interesse for lys, lyd eller anna håpar vi å kunne fange opp slik at vi ikkje berre endrar teateret PÅ scenen, men også BAK og RUNDT.

Rommen Scene, her vi no står, blir heilt sentral i satsinga vår framover. VI er utroleg glade for det omfattande og langsiktige samarbeidet vi har med dei, og ekstra glad er eg for å stå her i dag i lag med Belinda Braza, som er nyutnemnd kunstnarleg leiar for satsinga vår her på Rommen. Før ho kom hit, har Belinda vore ein heilt avgjerande partnar i den omtalte utvidinga av Det Norske Teatret.

Toppfoto: Norsk Publikumsutvikling