Ytring

Skeivt kulturår på Det Norske Teatret

Det er forskjell på skeiv kunst og kunst av skeive. Til alle tider har teateret hatt skeive kunstnarar, dramatikarar og skodespelarar som del av ensemblet, repertoaret og den kollegiale arbeidsfellesskapen. Det har gjennomgåande vore stor takhøgd i kunst- og kulturinstitusjonar som våre. Og mange skeive har funne aksept og tilhøyrsle hos oss.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Men det betyr likevel ikkje at skeiv kunst og skeive forteljingar alltid har vore like synlege i kunsten vår. Dramatikken har tradisjonelt ikkje skildra relasjonar mellom likekjønna, og i den grad det har vore tilfelle, har nettopp denne kjærleiken vore tematisert eller gjort til eit poeng.

I samband med Skeivt kulturår er det viktig å markere at samfunnet har flytta på seg i løpet av dei 50 åra som har gått etter avkriminaliseringa i 1972. Det har kunsten også. I dag er det ikkje uvanleg at skeive karakterar er ein naturleg del av ei framsyning, anten i teksten eller i iscenesetjinga. Men gjer det at kunsten kan kallast skeiv? I Skeivt kulturår 2022 har Det Norske Teatret tinga eit verk av Arne Lygre – Tid for glede – der Arne for første gong skriv frå eit skeivt perspektiv. Men. Sjølv om omdreiingsfiguren i framsyninga lever i eit homofilt parforhold, er det eit kjærleiksforhold likestilt dei andre kjærleiksforholda vi opplever i dramaet. Det Norske Teatret tar mål av seg å spegle den røynda som vi finn utanfor dette huset. Vi arbeider for eit mangfald frå scenen. Sjølv om unnlatinga har vore stor, også hos oss, er det ei frigjerande og også kompleks forteljing om kjærleik vi er vitne til og som lukkast i å framstille kjærleiken i alle dei ulike formene han har.

Behovet for identifikasjon er stor hos oss alle. Vi skal alle føle at vi høyrer til, at vi er likeverdige og at vi blir tatt på alvor. På kva måte har kunsten vore viktig i kampen for skeive sine rettar i Noreg opp igjennom åra, og korleis ser det ut i dag? Dette er noko av det Det Norske Teatret ønsker å tematisere under Skeivt kulturår.

Tid for glede på Hovudscenen på Det Norske Teatret våren 2022. Foto: Pernille Sandberg.

Tid for glede er altså eit viktig bidrag. Eit anna viktig bidrag er samarbeidet med Fotogalleriet om utstillinga Skeive ikoner. Då Det Norske Teatret kontakta Fin Serck-Hanssen for å lufte moglegheitene for ei utstilling i foajeen på teateret, blei det rimeleg klart for oss at her låg nokon framom, og vi andre litt etter i løypa. Arbeidet med Skeive ikoner var godt i gang og for oss har det vore ei ære å kunne få vere med og arrangere denne viktige utstillinga. Prosjektet rettar søkelyset mot føregangspersonar i kampen for skeive sine rettar i Noreg, i høve 50-årsjubileet for avkriminaliseringa av homofili i Noreg.

Vi skal alle føle at vi høyrer til, at vi er likeverdige og at vi blir tatt på alvor.

Fin Serck-Hanssen er ein fotokunstnar som vi har hatt stor glede av her ved teateret gjennom eit arbeidsforhold som strekker seg gjennom dei fire siste tiåra. Han har både fotografert framsyningsuttrykk og dokumentert framsyningar som har gått i repertoaret. Han har handtert utfordringar med alt frå store divaer som Liv Ullmann og Toralv Maurstad, og til unge og eksperimentelle regissørar som Ketil Skøyen og Jon Tombre eingong var. Men dette er første gongen vi har ei utstilling med den anerkjende kunstnaren Fin Serck-Hanssen. Som har dokumentert mange pionerar gjennom virket sitt. Desse pionerane som heng i foajeen på teateret no – dei som har gått føre i kampen for skeive rettar - er det verdt å feire. I dag og kvar dag. For rettar er noko vi må verne om og kjempe for kvar einaste dag. Takk til alle ikona, til rollemodellane og forbilda. Takk til forfattarane Bjørn Hatterud og Caroline Ugelstad Elnæs som har skrive tekstane til prosjektet. Takk til Fotogalleriet som har innlemma oss i samarbeidet. Og takk til Harald Lunde Helgesen for utstillingsdesignet.