Ytring

Nye steg mot framtida

Teatermeldar Per Christian Selmer-Andersen si oppmoding i dagens Aftenposten om å sjå mot Det Norske Teatret, er eit tydeleg signal om at satsinga vår på eit meir mangfaldig skodespelarensemble verkeleg har blitt lagt merke til.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Det siste året har mangfald blitt hyppig diskutert, også i scenekunstmiljøet. Det største løftet for Det Norske Teatret var sjølvsagt etableringa av skodespelarutdanninga Det Multinorske, som med sine tre kull har vore med på å prege norsk scenekunst, film og TV-produksjon. Men vi vil vidare, og vi er utolmodige.

Derfor tar vi initiativ til ein del 2 av prosjektet Det multinorske. Denne gongen skal det handle om dei kunstnarlege premissleverandørane, regissørane og scenografane. I desse definerande faga er mangfaldet så å seie fråverande, og det er avgjerande at vi finn fleire og meir mangfaldige stemmer også i desse yrkesgruppene. Frametter kjem vi til aktivt å leite etter samarbeidspartnarar for å kunne etablere eit bachelorstudium etter modell av Det Multinorske. Ambisjonen vår er kunne starte opp ei solid, attraktivt og banebrytande utdanning slik at heile økosystemet i ein teaterproduksjon speglar miljøet rundt seg.

Den førebels siste satsinga vår i mangfaldsarbeidet, Rommen Scene, er no for alvor i ferd med å etablere seg som ein arena der scenekunstkartet blir teikna opp frå andre vinklar. Intensjonen er å bringe fram nye forteljingar i nært samarbeid med dei lokale kreftene i bydelen, samstundes som vi ønsker å etablere ein spelearena som gir arbeid til dei mange utdanna skodespelarane. Det Norske Teatret ønskjer varige endringar, og for å få til det må vi både vere tolmodige og utolmodige. Vi har tatt raske avgjersler som gjeld etableringa av det vi meiner er gode tiltak, Det Multinorske og Rommen Scene. Det tar tid å få etablert desse, men det treng ikkje ta mykje tid å bestemme seg for å satse. Derfor er det viktig at vi alt no begynner arbeidet med å finne morgondagens regissørar og scenografar som kan vere viktige berebjelkar i framtidas teaterproduksjonar. Kjerneverksemda til Det Norske Teatret er å spele teater, vi er i utgangspunktet ingen utdanningsinstitusjon, men vi må våge å gå nye vegar når vi ser at det er skeivheiter som må rettast opp. Vi er klare til å ta eit nytt og viktig skritt på vegen mot eit meir representativt teater-Noreg. La oss starte å arbeide for etableringa av Det Multinorske del 2!