Ytring

Rommen Scene for alltid!

Kulturminister Lubna Jaffery tok i dag turen til Rommen Scene i Groruddalen. I veska hadde ho gode nyheiter. Ho varslar at Rommen Scene kjem inn på statsbudsjettet som fast post med 4 millionar kroner.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef
  • Rommen Scene er ei viktig satsing, understreka kulturministeren. – Eg trur vi alle treng å høyre og sjå historier og forteljingar som vi kjenner oss igjen i. Historiene i notid har stor verdi. Og gjennom det arbeidet som er gjort på Rommen Scene ser vi at de lukkast i dette arbeidet.

For å avhjelpe utfordringane som følgjer med å bygge ein ny arena for scenekunst utanfor moderteateret i sentrum, har regjeringa funne midlar som gjer det mogleg å arbeide langsiktig og føreseieleg. I dag mottar Rommen Scene 2,3 millionar kroner frå tippemidlar i prosjektstøtte årleg. Det Norske Teatret hadde søkt om samla støtte på 5,35 millionar kroner for neste år, og dette blir no innfridd av regjeringa. I tillegg har dei auka årets løyving med 1,35 millionar kroner.

Både byråd Rina Mariann Hansen og medlem av bydelsutvalet i Stovner, Rashid Nawaz, var på plass og roste innsatsen som blei gjort i bydelen.

  • Det fysiske staden var under press den gongen vi starta arbeidet med å styrke Rommen Scene. Grunnen var at det skulle vere finansiert av bydelen, og det er krevjande. Det kan jo ikkje gå. Vi var opptatte av at byen måtte inn, og med midla frå Oslo Kommune har ein klart å skape stabilitet, og no med at staten går inn, er Rommen Scene lagt inn i det evige, seier Rina Mariann Hansen med ein latter.

– Eg er så glad for at regjeringa prioriterer dette. Det betyr mykje både for oss som ønskjer å skape teater for barn og unge i denne bydelen og for ungdommane som no får eit meir føreseieleg tilbod, seier Belinda Braza som er kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen. – Groruddalen har ein overflod av kreative produsentar som treng ein arena for å få utløp for sine prosjekt. No blir fundamentet trygga og vi kan halde fram med det viktige arbeidet med å skape relevante kunstnarlege prosjekt i samarbeid med bydelens viktige bidragsytarar.

I 2019 etablerte Det Norske Teatret seg i Groruddalen som del av satsinga i mangfaldsarbeidet. Med Rommen Scene i Groruddalen, vår fjerde spelescene, har teateret etablert ein ny og viktig spelearena og opna teateret for nye kreative krefter i bydelen.

Teatersjef Erik Ulfsby er glad for at satsinga i Groruddalen blir verdsett og anerkjent.

  • Ambisjonen vår når det gjeld mangfald er eit arbeid som tar tid. Økonomi er alltid ein viktig faktor når det gjeld uredde satsingar, og med denne styrkinga av budsjetta våre, kan vi realisere meir, større og viktigare prosjekt som vil kome bydelen og heile hovudstaden til gode. Vi er glade for at kulturministeren tar turen ut hit og markerer at kunst og kultur er viktig i barn og ungdomar sine liv.

Kulturminister Lubna Jaffrey er ikkje i tvil, satsing på den oppveksande generasjonen må skje på mange område. Kultur er også viktig.

  • Det går ein raud tråd frå stiftinga av Det Norske Teatret og fram til etableringa av Rommen Scene. Den gongen var det folk frå bygdene som ville snakke språket sitt og sjå og høyre sine historier frå scenen. Rommen ber i seg noko av det same. Kven du er og kor du kjem frå er viktige identitetsmarkørar. Og det å finne noko av seg sjølv i det ein ser på scenen skapar ein viktig form for tilknyting, seier statsråden om den ekstra løyvinga som kom i dag.

Erik Ulfsby er særs nøgd med at kulturministeren kjem med dei midlane han treng for å drifte og vidareutvikle denne viktige scenen. Han ser dette som eit godt teikn for den vidare dialogen med styresmaktene. Det Norske Teatret er i ein utfordrande økonomisk situasjon, og har derfor starta kampanjen Tett gapet. I denne blir avstanden til det andre nasjonale teateret i hovudstaden problematisert. Det trengs 25 millionar kroner for å få dei to nasjonale scenekunstinstitusjonane opp på likestilt nivå.

  • Håpet er at denne auken er eit første steg mot like vilkår, seier teatersjefen.