Ytring

Opnar kjøpesenter, bør også teatera få opne!

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Det er ikkje i norske butikkar og kjøpesenter at smitten skjer, seier Virke-direktør Harald Jachwitz Andersen til NRK i dag og forventar at kjøpesenter får opne frå torsdag.

Smitten skjer ikkje i teatera heller, vil vi ved Det Norske Teatret audmjukt få leggje til. Er det kanskje no eit godt tidspunkt for å diskutere det kulturelt strupa hovudstadsområdet? Ifølgje Aftenpostens grundige gjennomgang av smittesporinga i Oslo står kulturlivet for 42 påviste smittetilfelle sidan 1. august. Eller 0,32 prosent. Det Norske Teatret går snart inn i sin fjerde månad med stengde dører, men rundar snart eitt år utan smittespreiing på teateret. Kjøpesenter har vore lukka halvanna veke.

Kulturminister Abid Raja uttalte i Debatten på NRK i førre veke at kulturlivet er det første som blir stengt og vil vere det siste som blir opna igjen. Er det verkeleg sant? At feltet blir halde samla nede, heilt uavhengig av storleik, form og utføring? Eller kan vi kanskje begynne å sjå nærare på om delar av kulturen er så trygg at det faktisk er uforsvarleg å halde den lukka? Vi kan smittevern og har god kontroll på besøkande. Om ikkje anna, er det mogleg å sjå på ei minste grense for oss også – slik ein gjer med butikkar og anna handelsverksemd?

Vi står klare til å opne. Og vi stiller oss stadig oftare spørsmålet: Er det lov å halde teatera stengt når så mykje anna får opne?


09.02.2021