Ytring

Ny teaterutdanning under etablering

Saman med Riksteatret og Teater Manu er Det Norske Teatret no i ferd med å skissere rammene for eit profesjonsstudium for regissørar og scenografar med fleirkulturell bakgrunn.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

– Det Norske Teatret har i lang tid mobilisert til handling. Det største løftet for Det Norske Teatret var sjølvsagt etableringa av skodespelarutdanninga Det Multinorske, som med sine tre kull har vore med på å prege norsk scenekunst, film og TV-produksjon. Den førebels siste satsinga vår i mangfaldsarbeidet, Det Norske Teatret i Groruddalen, er no for alvor i ferd med å etablere seg som ein arena der scenekunstkartet blir teikna opp frå andre vinklar. No er det viktig å leggje til rette for utdanningar for sterke premissleverandørar som regissørar og scenografar er i scenekunsten, seier Erik Ulfsby, teatersjef ved Det Norske Teatret.

Foto: Siren Høyland Sæter

– Teateret skal vere eit demokratisk rom og ein felles, menneskeleg møtestad, seier teatersjef ved Riksteatret, Arne Nøst.

– Det ligg i teaterets mandat, vi skal representere breidda i eit samfunn. Da er det viktig at teateret blir ein stad der ein møter ulike menneske som fortel ulike historier. Det gjer oss til eit betre samfunn.

Kjerneverksemda til Det Norske Teatret, Riksteatret og Teater Manu er å spele teater for publikum i heile landet. Ingen av dei tre teatera er i utgangspunktet utdanningsinstitusjonar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Foto: Teater Manu

– Men vi må våge å gå nye vegar når vi ser at det er skeivskapar som må rettast opp. Vi er klare til å ta eit nytt og viktig skritt på vegen mot eit av dei kulturpolitiske måla i kulturmeldinga frå 2018, nemleg å sikre eit fritt og uavhengig kulturliv som «skapar og formidlar et kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer befolkninga.», seier teatersjef ved Teater Manu, Janne Langaas.

– Teateret skal vere eit demokratisk rom og ein felles, menneskeleg møtestad

Det Norske Teatret har tidlegare formulert ambisjonen, no ser vi konturane av ei større satsing i samarbeid med sentrale institusjonar i teaterfeltet. I desse definerande faga er mangfaldet så å seie fråverande, og det er avgjerande at vi finn fleire og meir mangfaldige stemmer også i desse yrkesgruppene. Ambisjonen vår har heile vegen vore at heile økosystemet i ein teaterproduksjon speglar samfunnet rundt seg. Slik er det ikkje i dag. Derfor er det viktig at vi alt no begynner arbeidet med å finne morgondagens regissørar og scenografar som kan vere viktige berebjelkar i framtidas teaterproduksjonar.

- Det norske teaterlandskapet treng heile tida nye impulsar. Da må vi opne oss for nye talent som bringer inn andre erfaringar og som kan sjå og fortolka samtida vår på interessante og nye måtar, avsluttar dei tre teatersjefane.

Artikkelen er publisert 11. mai 2022.