Ytring

Kultur og økonomi

Korleis få publikum tilbake når det er dyrtid?

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Denne veka har ei undersøking gjennomført av Norstat for NRK vist at fire av ti nordmenn sjeldnare brukar kulturtilbod enn før. For 35 prosent av dei spurte er svakare økonomi grunn til dette. Og som det kjem fram at NRK si dekning av saka, så er dette eit dobbelt problem for oss som kunstinstitusjon. Vi opplever også prisauke og høgare energiprisar og ser oss tvungne til å justere prisane deretter. Samstundes vender vi oss til eit publikum som opplever at kjøpekrafta er kraftig svekka. Det er ikkje enkelt for ei næring som i tre år har blødd som følgje av koronasituasjonen.

Dette har ført til store debattar internt om korleis vi skal få publikum tilbake i salane. Fleire har peikt på prisreduksjon som eit middel, at teater bør og skal vere eit fellesgode, og at både politikarar og styre bør leggje meir vekt på publikumstal enn inntening. I ein periode over 60 dagar til hausten skal vi derfor teste ut verdien av kunsten. I ei tid som er så prega av usikker økonomi vil vi forske i kva som skjer dersom økonomi ikkje er eit tema. Kan vi tilby gratis teater? Under gitte rammer, på ein spesifikk scene og for alle? Ja, har vi konkludert med. Og det gjer vi.

Vi opnar derfor med Dario Fos kjende samfunnssatiriske tekst Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! i midten av oktober. Og denne tittelen kjem til å vere ein slags merkelapp på denne testperioden vår. Vi legg nemleg alle speledatoar på Scene 3 ut heilt gratis og vil tilby eit program med stor breidde. Det skal vere kuratert av dei kunstnarlege kreftene på teateret, med ein husregissør i front. To framsyningar blir presenterte i eit enkelt format, ei for vaksne og ei for barn. Andre initiativ kjem frå ensemblet vårt.

I ei tid der mange ikkje ser på teaterbesøk som ei reell moglegheit – det er berre nok ei eksklusiv vare for den kjøpesterke klassen – eller dei rett og slett ikkje er i stand til å prioritere det, er det viktigare enn nokosinne å halde oppe teaterets kraft. Og fordi mange også opplever det som dyrt, er det viktig for oss å ha eit tilbod som ikkje kostar noko for nokon av oss.

Det er rett nok ikkje noko radikalt nytt at vi har eit gratis tilbod på teateret. Debattar og samtalar har alltid vore gratis, «Lunsj & Lyrikk» er eit ope tilbod vi har hatt i 35 år, men no gjer vi det enda meir spissa. Framsyningar, konsertar og stunt skal vere gratis innanfor ei veldig enkel, men effektiv kunstnarleg ramme. Vi kjem også til å sleppe publikum inn til noko litt meir uferdig. Dei store opplevingane som vi som arbeider i teateret, kan ha i ein prøvesal, dei skal publikum no få ta del i. Dette er ledd i eit forsøk på å sleppe publikum tettare på, eller inn, bak, saman med oss. Og når vi først gjer det, bør vi kanskje også setje av tid til debatten – kva skal teateret vere, korleis utvikle kunstforma, og – ikkje minst – kva skal det koste?