Seinare kom Camara Joof med på laget. Ho kom først inn som ung, teaterinteressert amatør, men har sidan etablert seg som kunstnar som etter kvart har fått ei viktig stemme i norsk teater.
I grunngjevinga for Oslo bys Kulturpris står det at:
Den Mangfaldige Scenen tildeles Oslo bys kulturpris for 2020 for sin langvarige og fremragende innsats på kulturfeltet for barn og unge på tvers av kulturelle og sosiale forskjeller. De tildeles også prisen for å ha bidratt til å gi kunstneriske talenter, som vanligvis ikke ville fått plass på scenen, verktøyene til å utvikle en stemme på Oslos scener.
Det Norske Teatret er stolte av kva Liv Hege Skagestad og Camara Joof har oppnådd og gratulerer begge med prisen!
Den Mangfaldige Scenen blei etablert etter eit initiativ frå Det Norske Teatret, Bondeungdomslaget i Oslo og Noregs Ungdomslag. Målet for Den Mangfaldige Scenen var å lage eit scenekunsttilbod der unge får ta i bruk og utvikle sine skapande evner og få fram nye kultur- og kunstuttrykk.
Liv Hege Skagestad er kunstnarleg leiar av Den mangfaldige scenen og Nynorskens hus i Bondeungdomslaget i Oslo.
Camara Jooof har vore med i Den Mangfaldige Scenen som skodespelar, instruktør, foredragshaldar og er no ein del av den kunstnarlege leiinga.