Gjertrud Jynge imponerte stort som Ales i Jon Fosses Trilogien. Framsyninga var eit unikt verk skapt for det store scenerommet i samband med etableringa av Fossefestivalen ved sesongstart i fjor. Luk Perceval var henta inn for å dramatisere verket og setje i scene. Gjertruds prestasjon blei gjenstand for beundring og lysande kritikkar, og rørte publikum, både fysisk og emosjonelt. Tidlegare denne veka fekk ho Kritikarprisen for innsatsen, og no kan ho setje Heddaprisen for beste kvinnelege hovudrolle på peishylla. Vel fortent! Luk Perceval henta også heim Heddaprisen for beste regi. Trilogien er ei storslegen og sterk framsyning som teateret er glad for å kunne setje på repertoaret igjen til våren.
Preben Hodneland i tittelrolla i Raskolnikov var også ein kraftprestasjon av dei sjeldne. Framsyninga er ei tett, febril og overraskande framstilling av Dostojevskjis klassiske verk. Med kamera på slep følgde vi Raskolnikov gjennom teaterets korridorar, bakrom og uteareal på storskjerm. Det er berre å bøye seg i støvet, og gratulere både Preben og Frode Winther med Heddapris for høvesvis beste mannlege hovudrollerolle, og beste mannlege medspelar.
Raskolnikov fekk i tillegg den gjeve prisen Årets framsyning. Gratulerer!
Lars Erik Holter, Ingrid Weme Nilsen og heile ensemblet i Villanda fekk også Heddapris for beste scenetekst! Framsyninga speler framleis på Scene 3, og er vel verdt eit besøk.
Gratulerer alle saman!
Ny teatersesong
Heddaprisane blei i år delte ut etter ein sesong som blei avkorta. No er endeleg teatersesongen i gang igjen. Vi må dessverre akseptere at det framleis vil vere mykje som ikkje lar seg realisere under dei rådande omstenda, men vi er glade for å kunne gi publikummet vårt eit tilbod vi er stolte av, også denne krevjande hausten. Vi har allereie klart å få fire oppsetjingar fram til premiere - det har verkeleg hatt mange odds mot seg - og fleire er på gang. Mange har lagt merke til at vi speler teater for fullt, medan så mykje rundt oss går med redusert fart eller har stoppa opp. Vi vil likevel understreke kor viktig det er for heile scenekunstfeltet at det no blir arbeidd enno hardare for å finne fram til meir treffsikre ordningar for dei ulike institusjonane. Det treng vi, og det fortener publikum.
Treffsikre tiltak
Vi meiner at styresmaktene no må løfte oss opp på lista over næringar som bør bli prioriterte i gjenopninga av samfunnet. Det må vere ein forståeleg samanheng mellom helse- og kulturpolitikken. Det Norske Teatret tar smittevernet på høgaste alvor og alle produksjonar er underlagde strenge smittevernregime. Vi lagar teater med profesjonalitet og forsiktigheit. Vi ønsker at styresmaktene kan gi oss tilliten til å handsame eit meir variert tal på publikummarar, med tiltak som er tilpassa dei områda vi disponerer. Det Norske Teatret har store publikumsflater, gode toalettfasilitetar som garanterer for handhygiene, i tillegg til talrike dispensarar for handsprit. Vi har gode system og oversikt over besøkande, og eit korps av billettørar og vakter som tryggar publikum i møte med teateret.
Det er ein skjør haust, og kvart møte med publikum er ein siger for oss. Vi vil ha full aktivitet, det er sjølvsagt både krevjande og kostbart.
Styresmaktene bør derfor vurdere høgare publikumstal i lokale der forholda ligg til rette for det. Riktig doserte tiltak i kampen mot viruset er svært viktig. Dei bør også vere rimelege, forståelege og mest mogleg treffsikre. Morten Gjelten i NTO har et godt poeng når han i Aftenposten skriv at vi i kulturlivet tidvis har kjensla av å vere bakaren som blir retta for smedens synder.
I Danmark opplevde befolkninga denne helga sterkare restriksjonar på forsamlingar etter ein periode med aukande smitte. Unnataket var kulturarrangement med sitjande forsamlingar. Der er det 500 som gjeld. Det var flott å høyre statsministeren understreke dette. Det gir inntrykk av ein nasjon som faktisk ser kunst og kultur som avgjerande viktig, ikkje berre i festtalar. Vi både håpar og trur at norske styresmakter lar seg inspirere.
Vi treng det no.