Ytring

Ein jubeldag for Det Norske Teatret og nynorsken

Over tid har vi jobba intenst politisk for å styrke rammevilkåra til Det Norske Teatret. Vi har mista mykje pengar, og med det naudsynt kunstnarleg handlingsrom gjennom snart ti år med kutt. Det har derfor vore ein prioritet for oss å jobbe hardt for å synleggjere kva som står på spel no, for teateret og for nynorsken. Vi må ikkje bli eit anna, mindre og dermed mindre relevant teater. Det Norske Teatret har over tid evna å erobre ein særs sterk posisjon, både kunstnarleg og språkpolitisk. Den er det viktig at vi kan halde på.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Derfor var det eit stolt og jublande glad teaterkollegium som møtte kulturminister Lubna Jaffery i dag da ho kom til Det Norske Teatret med nyheita om at vi i revidert nasjonalbudsjett får ein auke i løyvinga for 2024 på heile 9 millionar kroner!

Dette er ein stor siger for teateret og det arbeidet som har vore gjort over lang tid. I juni i fjor starta vi ein nasjonal aksjon for å løfte tilskotet til Det Norske Teatret. Under kampanjeoverskrifta Tett gapet blei det arbeidd for at styresmaktene skulle ta omsyn til det særskilte språkoppdraget Det Norske Teatret har. Å løfte tilskotet til det nynorske nasjonalteateret fekk fornya aktualitet etter innføringa av den nye språklova av 2021 som har til formål å fremme likestilling mellom bokmål og nynorsk. Dette politiske arbeidet har vore viktig og avgjerande, og Det Norske Teatret har makta å løfte opp situasjonen vår på aller høgste politiske nivå. I samtalar med politikarar og embetsverk er det liten tvil om at det er kvaliteten ved Det Norske Teatret som er sjølve grunnføresetnaden for dette løftet. Så har vi òg hatt ein særs god dialog og eit strategisk samspel med målrørsla, og saman gjort det klart at den nye språklova forpliktar. Eg vil rette ein stor takk til heile rørsla, til mållag, vennelag og alle andre som har støtta oss og saka. Det har vore gull verdt!

Frå scenen på Det Norske Teatret kunne kulturministeren melde at som politikar må ein gjere harde prioriteringar. Men med dei krevjande tidene som bakteppe og ei ABE-reform som har tappa teateret for kraft, så var Lubna Jaffery tydeleg når ho uttalte at ho «er ein kulturminister som meiner at når tidene er vanskelege, så skal vi ikkje bruke mindre pengar på kunst og kultur, vi skal bruke meir pengar på kunst og kultur! Og derfor har regjeringa funne rom for ei ekstra løyving på ni millionar kroner.»

Senterpartiets Marit Arnstad var med kulturministeren til Det Norske Teatret og slo fast følgjande: «Det Norske Teatret er ikkje berre eit av dei viktige institusjonsteatera våre, det er kanskje det viktigaste samlande symbolet på det nynorske i dag. Og sånn sett har Det Norske Teatret eigentleg oppfylt visjonen til Arne Garborg om å vere eit utstillingsvindauge for nynorsk i hovudstaden.»

Så er dette ei løyving for inneverande år, men det er all mogleg grunn til både å vone og tru at dette nivået kan vidareførast framover. La oss håpe at dette er eit vendepunkt i den økonomiske stoda for teateret. I kunst og i politikk finst ingen garantiar, men med dette gjennombrotet ser i alle fall alt utruleg mykje lysare ut.

«Dette er ein stor siger for teateret og det arbeidet som har vore gjort over lang tid.»