Ytring

Den nye norske allmenningen

Eit grønt byrom for alle på Det Norske Teatret.

Skrive av
Teatersjef Erik Ulfsby og direktør Hans Antonsen
Teatersjef Erik Ulfsby og direktør Hans Antonsen
-

Det Norske Teatret blei til for at folk og eit språk som andre meinte ikkje passa inn, skulle ha ein plass, sin plass - i hjartet av hovudstaden. Det har vi halde på med i hundre år og vel så det.

Vi er ikkje ferdige.

Bygdefolk og målfolk er ikkje dei einaste som har sakna sin plass i samfunnet. Mange kjenner seg framleis utafor. I snart ti år har vi arbeidd særleg med det multinorske: Å skape eit teater som også nordmenn med familiebakgrunn utanfor Europa kan sjå seg sjølv i.

Noreg er blitt så mykje. Det mangfaldet gler vi oss over! Dette nye norske treng å kome til uttrykk gjennom ein plass dit alle er invitert og kan kjenne seg heime. Denne plassen finst over oss. Det er ikkje eitt tak på Det Norske, men mange. Det er eit landskap der oppe med ulike høgder som kan formast som ein fin del av byen og gjerast tilgjengeleg for alle.

Her ønskjer vi å skape den nye norske allmenningen. Eit grønt byrom for alle midt i Oslo, som er ope også når teateret er stengt. Det vil bli ein vrimleplass og kulturell samlingsstad med lik tilgang på den heftigaste utsikta i hovudstaden.

Det Norske Teatret er blitt Noregs største teater og til å rekne med i europeisk samanheng. Vi er det andre nasjonalteateret, eller som vi likar å sjå det sjølv: Nasjonalteateret for dei andre. På taket ønskjer vi å byggje vår fjerde scene, men den skal ikkje berre vere vår. Vi vil skape det omvendte Riksteatret her: Medan dei reiser landet rundt, vil scene 4 på taket bli heile landets spelestad i Oslo. Slik tenkjer vi oss at publikum i hovudstaden skal kunne sjå scenekunst av høg kvalitet frå heile Noreg.

Illustrasjonar: Kima Arkitektur.
Illustrasjonar: Kima Arkitektur.

Vi, som sjølv har opphav i utanforskap, er motivert av symbolikken i at ein ny allmenning over oss kan tene som ei oppreisning til dei som har kjent seg små, oversette og ikkje rekna med. Det grøne byrommet for alle er inspirert av andre transformasjonsprosjekt som The High Line i New York og den planlagde omforminga av Champs Elysees til grøn myldreplass i Paris. Og vi omfamnar Oslo kommune sin strategi for grøne tak med høg arkitektonisk kvalitet. Den nye norske allmenningen på taket av Det Norske Teatret kan bli sjølve signalprosjektet for denne satsinga. Samstundes finn vi både motivasjon og handlekraft i alvoret i rappportane frå FN sine klima- og naturpanel. Ei viktig felles tilråding frå dei to ekspertgruppene er denne: Invitér naturen tilbake til byane!

Det Norske Teatret sin store eigedom midt i Oslo sentrum vart tolmodig kjøpt opp bit for bit på 1900-talet, for ein stor del med med kaffipengar tent inn på kaffistovene og bondeheimane rundt om i landet. Draumen om eit eige teaterbygg i hovudstaden skulle bli verkeleg gjennom eit høghus som ville gi teateret store inntekter. Oslo sa til slutt ja til desse planane, staten nei. Avslaget opna for offentleg finansiering av det vakre og betre stadstilpassa bygget som vi har halde til i sidan 1985.

Teaterbygget er eit markant postmoderne verk frå si tid, og har i seinare tid fått ein fortent plass på Riksantikvaren si gule liste. Bygget tilfører bybildet kvalitet der ein ser det frå Kristian IVs gate og Sehesteds plass. Men til å vere eit svært stor bygg, med ei grunnflate på fem mål og som ein sentral kulturinstitusjon er Det Norske Teatret elles lite synleg i byen.

Over dagens inngang, ved bogen til høgre på illustrasjonen, veks det fram eit grønt tak og ein heilt ny offentleg park. Illustrasjon: Kima Arkitektur.

Denne studien viser at det er teknisk og estetisk mogleg å byggje fint rundt scenetårnet og over det eksisterande teaterbygget, utan på nokon måte å forringe teaterets sterke arkitektoniske kvalitetar. Studien er gjennomført i fleire fasar. Gjennom ei rekkje møte med Byantikvaren har vi fått gode råd og møtt motstand. Innvendingar frå Byantikvaren mot at scenetårnet blei lite synleg og at bygningsvolumet, særleg mot vest, blei for stort har ført til at prosjektet har blitt teikna om, blitt mindre – og betre! Ei nedtrapping av bygningsvolumet mot vest har skapt eit meir spennande taklandskap.

Formålet med studien er å undersøke grunnlaget for ei realisering, med tanke på forankring, løyve, finansiering og rette samarbeidspartnarar. Prosjektet er sett i verk etter strategisamling i styret i 2019. Styret har drøfta den første versjonen av studien i januar 2021og gitt råd til den vidare utviklinga av prosjektet. Styret ser den reviderte versjonen av studien som eit tenleg grunnlag for å avklare grunnlaget for realisering. Denne versjonen blei òg presentert for luteigarane i Det Norske Teatret på årsmøtet 17. april 2021

Det Norske Teatret takkar KIMA arkitektur, Multiconsult og andre bidragsytarar for grundige utgreiingar og skapande arbeid. Det meste av studien er utført i eit år prega av ein pandemi. Gjennom dette året er det blitt tydeleg at kulturlivet ikkje står så sterkt som ein elles kan få inntrykk av i normaltid, når ikkje så mykje står på spel. Dette byggeprosjektet kan òg lesast som ein ambisjon om å ta større plass i bybilde og samfunnsliv og skape ein attraktiv samlingsplass dit alle blir invitert.

Oslo, august 2021