Ytring

Bevar teatervitskap!

Rett før helga blei det kjent at leiinga ved Humanistisk fakultet ved Universitetet i Bergen føreslår i Faglig bemanningsplan 2023-25 at to av tre vitskapelege stillingar skal bli fjerna i løpet av denne perioden. Med berre ei vitskapeleg stilling tilbake er dette i realiteten ei utradering av eit heilt fagområde.

Skrive av
Ingrid Weme Nilsen og Siri Løkholm Ramberg
Ingrid Weme Nilsen og Siri Løkholm Ramberg
Dramaturgar ved Det Norske Teatret

Teatersjefar, produsentar, dramaturgar og mange fleire funksjonar i norsk teater har bakgrunn frå den klassiske teatervitskapen. På Det Norske Teatret har tre av i alt fem dramaturgar delar av utdanninga si frå teatervitskap ved Universitetet i Bergen. Vi brukar vår fagkompetanse kvar dag, i ei kopling mellom teori og praksis.

Klassisk teatervitskap er eit fag som handlar om meir enn berre teater. Studentane som går her lærer om dramaturgi, estetisk teori, filosofi og teaterhistorie. Ein lærer analyse og metodikk. Og ein lærer korleis teater kan vere ein plass for utveksling av meiningar og idear, og kva som er poenget med kunst, kvifor vi har det, og korleis den kan vere nyttig for samfunnet.

I likskap med dei dei nemnde funksjonane i norsk teater kjem fleire av kritikarane frå teatervitskap. Og er det noko norsk scenekunst treng, så er det kompetent kritikk. Berre slik kan teateret utvikle seg, bli utfordra og bli sett i ein samanheng. Kven tar hand om den offentlege samtalen om scenekunsten om vi ikkje har eit levande teatervitskapleg miljø? Korleis skal norsk teater vekse utan ei levande omgrepsutvikling og fersk forsking? Kven skriv nyare norsk teaterhistorie? Utan forskarar og kritikarar med teatervitskapelege blikk blir historieskrivinga i beste fall anekdotisk og/eller biografisk – om det blir noko i det heile.

Vi blir mykje mindre utan perspektiva den klassiske teatervitskapen gjer oss, både som fagmenneske, enkeltmenneske og som institusjon.