Ytring

Belinda Brazas takketake ved mottakinga av NPU-prisen

14. juni blei Det Norske Teatret tildelt Norsk Publikumsutvikling-prisen i kategorien «Utvider» for det langsiktige, strategiske, og dedikerte arbeidet vi gjer med å gjere teaterkunsten relevant og tilgjengeleg for personar og grupper utanfor det etablerte teaterpublikummet. Vi er utruleg glade for anerkjenninga for arbeidet gjennom satsinga på det Multinorske, etableringa av DNT på Rommen, og for den digitale satsinga som har gjort det mogleg å delta under pandemien og nedstenginga av teateret.

Skrive av
Belinda Braza
Belinda Braza
Kunstlarleg leiar for Det Norske Teatrets satsing på Rommen Scene

Takk Erik. Takk til juryen og til NPU som har peikt ut Det Norske Teatret som vinnar i denne kategorien.

Utviding.

Eit ord som rommar mykje, men - som berre kan bli krystallisert gjennom engasjement, dedikasjon, ressursar og tid.

I ønsket om å utvide, ligg det nemleg ei anerkjenning av ei eksisterande avgrensing, og at ein berre kan halde fram med å vekse ved å ”gi plass” til fleire. Eg kan ikkje seie anna enn at ein blir utroleg stolt av å vere ein del av eit teater som er så modig og visjonær i alle planar og programmering, i tillegg til å vere ein stødig premissleverandør og tydeleg endringsagent.

For det handlar nemleg om kva teatret er, kan vere og for kven.
Det handlar om å sjå styrken i fleirstemtheit, og å møte den med nysgjerrig blikk.

Takk til alle kollegaer på Det Norske Teatret, som har bidrege, over lang tid.
Denne prisen er eit resultat av dykkar fantastiske arbeid!

Ein spesiell takk til deg, Erik, for at du faktisk gir plass, og gjer denne endringa og utvidinga mogleg!

Denne prisen er ein pris som motiverar.
Den viser at det arbeidet som er lagt ned over ei årrekke faktisk gir resultat.
Denne prisen er ein pris som held oss ansvarleg.

Og Det Norske Teatret - skal halde fram med å vere ambisiøs og kampvillig - på vegner av eit meir mangfoldig teater.

Her på Rommen Scene har Det Norske Teatret vore synleg tilstades sidan 2019, og til hausten vil vi re-definere scenen, til å bli ein scene med eit spesielt fokus på barn og unge.

Gjennom å aktivt - knyte til oss samarbeid med andre aktørar og kunstnarar som har liknande fokus og mål, eller som kan utfordre oss der vi ikkje har kompetanse nok enda, meiner vi at vi nettopp ”utvidar” gjennom heilt konkret handling!

Vi har sagt det før og seier det igjen:
Det viktigaste ein kan gjere for Mangfoldsdiskursen og teateret som heilskap, er først og fremst å GJERE det, ikkje berre snakke om det.

Vi bretter opp ermene, og gler oss til å fortsette arbeidet framover.

Takk!

Toppfoto: Pernille Sandberg