Styret

Strategi og visjon for Det Norske Teatret:

Visjon: Landets viktigaste teater

Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjert repertoar skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Det Norske Teatret skal vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for både refleksjon og underhaldning.

Strategiske hovudmål

Nynorsk språk er vårt viktigaste særmerke. Det Norske Teatret skal føre eit godt og ledig språk, både på og utanfor scenen. Grunnlaget for nynorsken, dialektane, skal ha sin naturlege plass i teateret.
Det Norske Teatret blei starta som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom, og vi skal halde denne tradisjonen i hevd.

Teater for barn og for ungdom

- Det Norske Teatret skal til kvar tid ha eit godt og aktuelt tilbod for barn og særleg legge vekt på å skape nye tekstar og dristige framsyningsformer
- Det Norske Teatret skal appellere til eit ungt publikum med aktuelle tema og problemstillingar i varierte og eksperimenterande uttrykk. Vi skal vere tett på ungdomskulturen og gjere teateret til ein lett tilgjengeleg møteplass

Teateret som utfordrar

- Det Norske Teatret skal syne ny norsk og internasjonal dramatikk på eit internasjonalt nivå
- Det Norske Teatret skal skape kunstnarleg sterkt musikkteater, og utvikle musikalen som format og sjanger
- Det Norske Teatret skal ta eit særskilt ansvar for at ulike publikumsgrupper får oppleve teaterklassikarane på nynorsk
- Det Norske Teatret skal aktivt arbeide for å auke publikums kunnskap om scenekunst

Teateret som når ut

- Det Norske Teatret skal nå eit stort og samansett publikum, og rekruttere nye grupper til teateret. Vi skal spegle samfunnet vårt både på scenen og i salen
- Det Norske Teatret skal nå ut til heile landet i samarbeid med andre teater og nærskylde organisasjonar
- Det Norske Teatret skal delta aktivt i internasjonalt teatersamarbeid gjennom nettverk, festivalar og utveksling av framsyningar
- For å utfordre og utvikle teateret skal vi trekke til oss dei beste kreftene frå inn- og utland

Teateret som institusjon

- Det Norske Teatret skal gjennom god ressursutnytting og økonomistyring sikre trygge rammer for vidare kunstnarleg utvikling og aktivitet
- Det Norske Teatret skal vere ein attraktiv arbeidsplass som utviklar både menneska og organisasjonen
- Det Norske Teatret skal dele kunnskapen sin med andre aktørar på kunstfeltet
- Det Norske Teatret skal ta i bruk og utvikle ny teknologi både for å fornye scenekunsten og organisasjonen
- Det Norske Teatret skal vere både ein framståande nynorskinstitusjon og eit leiande europeisk teater

Strategien til Det Norske Teatret skal gi retning for prioriteringar i arbeidet både internt (på teateret) og eksternt mot publikum og styresmakter. Strategien skal følgjast opp av årlege aktivitetsplanar som bygger opp under alle dei strategiske hovudmåla og delmåla under dei.

Styret i LL Det Norske Teatret etter årsmøtet 27. april 2024:

Medlem:

Hilde Barstad, styreleiar
Steinulf Tungesvik, nestleiar

Valde etter tilråding frå staten:

Martin Alexander Korsvik Eia-Revheim
Loveleen Rihel Brenna
Magni Hjertenes Flyum

Varamedlem:

Ivar Hogne Areklett Moe

Valde av dei fast tilsette på teateret:

Geir Kvarme, kunstnarleg representant

Vara for Geir Kvarme:
1) Heidi Gjermundsen-Broch
2) Paul Ottar Haga
3) Anders Hasmo

Åshild Mjelde Nordås, teknisk og administrativ representant

Vara for Åshild Mjelde Nordås:
1) Siren Høyland Sæter
2) Inger Johanne Sæterbakk
3) Elisabeth Hermansen

Målpolitisk råd

Målpolitisk råd har til oppgåve å gje råd om målbruken ved teateret og andre kulturpolitiske emne som rådet sjølv tek opp. Rådet vart skipa i 8. oktober 1976 som møteplass mellom teateret og resten av målrørsla, og for å sikre årsmøtet og målrørsla innverknad på den målpolitiske utviklinga til teateret etter at staten fekk fleirtal i styret. Rådet blir valt på årsmøtet til teateret og har 5 medlemmar og 5 varamedlemmar.

Etter årsmøtet 27. april 2024 har Målpolitisk råd denne samansetjinga:

Rådsmedlemmar:

Kjetil Aasen
Sverre Tusvik
Mette Vårdal
Marie Nicolaisen
Astrid Marie Gro

Vararepresentantar:

1) Marit Aakre Tennø
2) Anne Straume
3) Håkon Remøy
4) Maria E. Austbø
5) Gudrun K. Juhl

Aktsemdsvurdering