Studentar 2018-2021

Våren 2018 fekk seks unge skodespelarspirer med bakgrunn utanfor Europa ei glad-melding om at dei er aksepterte som studentar ved Det Norske Teatret og Nord Universitet si treårige skodespelarutdanning, Det Multinorske. No er dei i gang med sine tre år som studentar ved Det Norske Teatret, i samarbeid med Nord Universitet.

– Vi har sett etter dei beste skodespelarane, menneske vi ønskjer å møte som framtidige kollegaer, sa jurymedlem og skodespelar ved Det Norske Teatret, Gjertrud Jynge da opptaket var klart.
Dei seks som blei tatt opp er Bhkie Male, Mona Huang Høivik, Elias Moussaoui Anseth, Marianne Hetland, Christian Eidem og Darin Hagi.

Tredje kull

Jurymedlem og skodespelar Sara Khorami ga også uttrykk for at ho var svært nøgd med dei nye studentane. Sjølv var ho del av det første kullet som byrja ved utdanninga i 2012 og har vore tilsett som skodespelar ved Det Norske Teatret sidan ho blei uteksaminert i 2015. Ho har vært å sjå i fleire store rollar, mellom anna Antigone i framsyninga med same namn på Hovudscenen.

– Utdanninga har endra livet mitt. Det var enormt formande å få vere del av eit teater medan ein fekk utdanninga si. Vi såg teater heile tida, hadde lærarar som var skodespelarar… det var ei fantastisk tid! seier Khorami. Dei seks som byrja utdanninga si hausten 2018 er det tredje kullet som tar skodespelarutdanninga ved Det Multinorske. Den hausten var det 24 skodespelarar i ensemblet med fleirkulturell bakgrunn. Slik var det ikkje i 2012 da vi starta utdanninga Det Multinorske, kunne teatersjef Erik Ulfsby slå fast.

– Det Multinorske har vore med på å endre publikumet vårt, repertoaret vårt og ensemblet vårt slik at vi i dag liknar meir på verda utanfor, meiner han og legg til at vi no enno betre kan forsvare namnet på teateret: Det Norske Teatret.

Utdanninga er ei fullverdig utdanning på lik line med dei andre statlege teaterhøgskolane i Noreg og Norden og leier til ein bachelorgrad i skodespelarfaget. Studentane vil ha status som studentar ved Nord Universitet. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode ved Det Norske Teatret.