OBOS Billettfond for skole

Søknadsfristen for OBOS BIllettfond 2023 er no dessverre over. Kanskje vi kjem attende i 2024? Følg med!

Samarbeid med OBOS

Det Norske Teatret og OBOS har sidan 2017 samarbeidd om å gi barn og unge sjansen til å oppleve scenekunst utan at det skal koste noko for elevane.

Del av OBOS gir tilbake
OBOS støttar fleire arenaer innan kultur, sport og humanitært arbeid. OBOS har også som mål å støtte positive miljøtiltak i buområda til medlemmane, samt bidra til positive oppvekstvilkår for barn og unge. Det Norske Teatret vil vere med på å gje barn og unge gode kulturopplevingar og eit møte med nynorsken. Med OBOS Billettfond for skolar ønskjer teateret at flest mogleg skal få oppleve kunst og kultur.