Utstillinga Skeive ikoner var eit samarbeid med Fotogalleriet, og var laga av Fin Serck-Hanssen, Bjørn Hatterud og Caroline Ugelstad Elnæs.
Prosjektet markerer avkriminaliseringa av homofili i Noreg, og fortel livshistoria om nokre av dei som var med på å endre historia om homofilli gjennom fotoportett og tekst. Som ikkje-konforme individ kjempa dei aktivt mot diskriminerande strukturar i norsk kultur og samfunn, og bido til bidro til kampen for friheit og likestilling før og etter avviklinga av straffelova sin paragraf 213 i 1972.
Skeive ikoner fortel om menneske som har bidratt til å forvandle Noreg til det frigjorte samfunnet vi kjenner i dag, og vil ta form av ei rad utstillingar, eit filmprogram og samtalar, og vil i tillegg komme ut i bokform i løpet av året.
Skeive ikoner var del av Skeivt kulturår 2022.
Du kan lese meir om prosjektet på Fotogalleriets nettsider.



