Hausten 2012 starta Det Norske Teatret opp bachelorstudiet Det Multinorske for skodespelarstudentar med familiebakgrunn utanfor Europa. Med dette prosjektet har Det Norske Teatret redefinert og utvida si opphavelege oppgåve. Det Norske Teatret har historisk vore eit innflyttarteater og har gjennom dei siste 100 åra utvida rommet og førestillingane av kva hovudstaden var og skulle vere. Teatret ville med Det Multinorske synleggjere at Oslo lenge hadde vore ein etnisk samansett og mangfaldig by. Vidare har det lenge vore ei felles oppfatning både innanfor og utanfor det norske teatermiljøet at det blir rekruttert altfor få skodespelarar frå innvandringsmiljøa. Det Multinorske er difor eit unikt initiativ frå Det Norske Teatret som meiner at teatra må kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg.
Utdanninga er treårig og leier til ein bachelorgrad. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode med løn på Det Norske Teatret. Studiet blir gjennomført i samarbeid med teaterutdanninga ved Nord Universitet, men undervisningsopplegget er primært på Det Norske Teatret. Det Norske Teatret er tungt involvert i den kunstnarlege, pedagogiske og administrative styringa av utdanninga.
No har to kull med til saman 10 studentar fullført si utdanning. Første kull i skodespelarstudiet avslutta våren 2015 og gjekk inn i ensemblet i året 2015/2016, det andre kullet vart ferdigutdanna våren 2018. Seks nye studentar fekk plass hausten 2018. Vi ventar å sjå alle frå Det multinorske i ulike roller i åra som kjem med oppgåver både her på teatret og ved andre scener.
Effektane av eit prosjekt som dette kan vere vanskeleg å måle i direkte tal på kort sikt, men vi veit at mange ønskjer våre tidligare studentar velkomne. Vi er ikkje i tvil om at vi på sikt visar dei som går denne utdanninga at det er mogeleg for personer med ulik bakgrunn å bli profesjonell skodepelar, og det har mykje å si for den framtidige rekrutteringa til bransjen.
Har du nokre spørsmål, kontakt studieprodusent Roar Myrvang på roar.myrvang@detnorsketeatret.no eller Tlf. 22 47 38 35 / 906 37 179.