Notis

Karoline Mirkovic vann skrivekonkurransen

Vinnaren av konkurransen der vi søkte etter nye skrivande stemmer frå Groruddalen, er kommunikasjonsrådgjevar i Skatteetaten til vanleg. For henne er det Groruddalen som ER Oslo.

Av alle bidraga som blei sende inn til juryen, var det historia til Mirkovic som slo igjennom. Som vinnar får ho eit skrivestipend på 50 000 kroner, i tillegg til at ho vil få samarbeide med tekstutviklarar frå både Det Norske Teatret og Dramatikkens hus.

- Eg tenkjer at alle har ei historie, og eg er rørt over at andre synest eg har klart å formidle noko som er interessant for andre, seier Mirkovic, som er ein ivrig teatergjengar, i tillegg til at ho elskar å skrive. At hennar eigen tekst kanskje kan hamne på ein scene, tør ho nesten ikkje tenkje på, men understrekar at Det Norske Teatret er hennar favoritt-teater, så ho er både audmjuk og veldig lykkeleg for å få lov til å samarbeide med nett dette teateret.
- Eg likar tekst, rytme og form. Eigentleg er eg mindre oppteken av sjølve historia. Språket er min fargepalett, forklarar ho.

Kunstnarleg leiar, Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza, vinnar av skrivekonkurransen, Karoline Mirkovic og kunstnarleg leiar ved Dramatikkens hus, Line Rosvoll.

Groruddalen gir moglegheiter

- Å vere dobbelt opp når det gjeld opphav, og dessutan vere frå Groruddalen, har gitt meg valmoglegheitar, privilegium og fleire stader å høyre til. Det har også gitt meg litt juling, og ei kjensle av å vere utanfor uanset kor eg er - men mest har det gitt meg moglegheiter, skriv Mirkovic til juryen.

Vinnarteksten handlar om ein oppvekst som liknar hennar eigen. Ho skriv om familie, avstand, og den viktige dansen. Og om språket, som er så vanskeleg, og om krig.

- Eg skriv av kjærleik til der eg kjem ifrå, og eg er rørt over at juryen har lest teksten min og både skjønt og kjent den, avsluttar ho.

Juryens grunngjeving

Føremonet med skrivekonkurransen var å finne ein stemme frå folket i Groruddalen, og gjennom dette løfte fram fleire historier og stemmer frå bydelane Alna, Grorud, Stovner og Bjerke. Dette fann juryen i Mirkovic, som er fødd og oppvaksen på Veitvet. Juryen har bestått av Anders Hasmo (Det Norske Teatret), Line Rosvoll (Dramatikkens hus), Maria Navarro Skaranger (ekstern), Martin Rakzami (ekstern) og Rania Broud (ekstern), og dei seier i grunngjevinga si at:

Vinnarteksten skildrar ei original oppveksthistorie med stor presisjon, varme og kjærleik. Teksten skildrar oppveksten til ei «heilt vanleg» jente med serbiske foreldre i Groruddalen. Gjennom kortare, skarpe observasjonar, med humor og alvor, kjem vi tett på kvardagen der både fridom, leik og familie er sentralt. Men også situasjonar om konvensjonar og forventningar. I bagasjen ligg vonde soger om krig, flukt og samhald. I bakgrunnen kjem historia om faren fram og tar lesaren inn i komplekse tema som identitet, tilknyting og oppseding.

Mirkovic sin tekst er del av eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Dramatikkens hus, der dei vil motivere ulike skribentar til å utvide og utfordre teaterspråket slik vi kjenner det. Dei andre skribentane som er spurde om å bidra i prosjektet er Guro Sibeko, Eirik Havnes og Mari Storstein.


Publisert 23. juni 2022.