Notis

Nye bilde av Aksel Waldemar Johannessen i foajeen

Tre nye måleri av Aksel Waldemar Johannesen blir stilte ut permanent i foajeområda på Det Norske Teatret.

Frå før har det Norske Teatret stilt ut måleriet Kirkegårdsgravere i foajeen. Dette bildet får no selskap av tre andre måleri av den omstridde kunstnaren, mellom dei måleriet Kortspillere, som skal førestille Det Norske Teatrets skodespelarar i ein pause ved det gamle lokalet i Bondeungdomslaget tvers over gata i Rosenkrantzgate. Datidas teatersjef Edvard Drabløs skal vere mellom dei som er avbilda.

Aksel Waldemar Johannessen (1880-1922) hadde tette band til Det Norske Teatret, så det er heilt naturleg at desse no får ein plass i samlinga her. Både han og kona Anna deltok i tilverkinga av kostyme ved teateret, og hadde eit nært forhold til grunnleggjaren av Det Norske Teatret, Hulda Garborg. I sitt kunstnarlege virke var Johannessen spesielt oppteken av å portrettere arbeidarklassa og dei som av samfunnet blei sett på som taparar. Han var også med på å starte Heimen Husflid, og bistod Hulda Garborg i å lage mønster til nokre av dei første bunadene.

Det er Haakon Mehren som har gitt måleria i gåve til Det Norske Teatret. Han fann 25 måleri i ein låve i 1990, og sidan har han kjempa for å få etablert Johannessen som ein respektert kunstnar, noko han ikkje blei i samtida. Mellom anna har Mehren gitt ut boka Kampen for Aksel Waldemar Johannessen.

Dei nye måleria er stilte ut frå og med onsdag 31. mai 2023, og opninga er same dag kl. 12.00.