Notis

Utanfor

Nancy Herz om det å vere på utsida av samfunnet. Herz er menneskerettforkjempar, ein av dei “skamløse jentene” og forfattar av boka Skamløs (Gyldendal) i lag med Sofia Nesrine Srour og Amina Bile.

«Utanfor» er den klumpen i magen, den der du veit at noko ikkje stemmer, og bruker heile oppveksten på å tru at det er deg det er noko gale med.

«Utanfor» er det å vite at du aldri er nok. Norsk nok. Libanesisk nok. Muslimsk nok. Vestleg nok. Flink nok. Snill nok. Rett og slett ikkje god nok.

«Utanfor» er når du opplever rasisme på den eine sida. Negativ sosial kontroll på den andre. Litt mobbing for å gjere det heile vanskelegare, toppa med at det generelt er hardt å vere i puberteten.

«Utanfor» er når desse opplevingane blir diskrediterte, og du blir fortald at rasisme ikkje finst, og at negativ sosial kontroll ikkje finst. Men kvar finst du oppi det heile?

«Utanfor» er den kjensla når du gjer alt du kan for å vere innanfor, og endar opp med å overkompensere for alt som gjer at du er ein «annan». Og i jakta på å bli ein del av «oss» mistar du det aller viktigaste, nemleg ideen om «deg».

Kven er du når alt du er, alt du meiner, alt du trur på, er i eit krysspress? Kven er du, når det er sterke ytterpunkt og krefter som prøver å dra deg til seg? Og ikkje minst kven vel du å vere, når alle prøver å fortelje deg kven du er?

Eg har sjølv opplevd å føle meg utanfor. Då eg gjekk på ungdomsskulen, var eg aldri ein del av «gjengen». Eg ville ikkje vere det heller. Eg gjekk rundt og syntest at medelevane mine var kjipe, og hang heller for meg sjølv eller med dei vaksne. For meg blei flukta religion.

Eg tenkte at eg aldri kom til å bli «norsk nok», og satsa heller på å bli «den perfekte arabiske/muslimske jenta». Ingen fortalde meg at ho eigentleg ikkje finst, og at ambisjonane mine var for høge. Eg skulle bli den beste muslimen i verda, og ikkje minst best på å vere utanfor.

«Eg skal vise dykk kva det betyr å ikkje passe inn», tenkte eg. Og det varte ei stund. Men for meg var dei sjølvpåførte avgrensingane, utanforskapen eg dyrka og som eg mistolka som styrke, og ikkje minst tanken om at eg kunne bli «bra nok», det som heldt prosj­­ektet gåande.

Eg har brukt mykje tid i etterkant på å finne ein balanse. Då eg slutta heilt å tru nokre år seinare, føltest det frigjerande, og riktig. Men så kjem spørsmåla: «Gjer eg dette fordi det er det motsette av noko anna, eller fordi eg verkeleg ønskjer det?» «Lever eg livet mitt slik eg gjer, fordi det er riktig for meg, eller fordi det er det motsette av det foreldra mine ønskjer?» «Kven er eg?»

Utanforskap handlar ikkje berre om ikkje å vere det eine eller det andre. Det handlar om det som skjer når summen av identitetane dine blir opplevd som uforeinleg, og ingen tar seg bryet med å fortelje deg at det går an å vere «både-og», ikkje «anten-eller».

Eg fann min balanse til slutt, men det kravde noko av meg. Det kravde ei forståing av at det å velje eit ytterpunkt er det enklaste ein kan gjere. Det er ingen heltedåd. Ei forståing av at det krev meir arbeid å vere «både-og» enn å vere «anten-eller». At ein då må tenkje gjennom alle vala og verdiane sine, og spørje kvifor ein har dei, og kvar dei kjem frå.

Det kravde ikkje minst at nokon såg meg og gav meg eit fellesskap basert på noko anna enn ytterpunkta. For meg handla det om menneskerettar og menneskeverd, og i år er mitt sjuande år som Amnesty-medlem og aktivist. Dette engasjementet gav meg nokre grunnpilarer som eg har lent meg på i etterkant, når eg har danna meg ei meining om noko. Eg kallar dei for «saklegheit», «å vere konsekvent» og «å vere prinsippfast».

Det kravde ein innsats frå foreldra mine, som betalte meg for å vere med venner, frå vennene eg fekk på vidaregåande og som gjorde at eg blei ein del av «gjengen», frå dei som pirka meg i riktig retning. Som ikkje såg på meg som ein «annan», men som sa at summen av identitetane mine er både er tillaten og ønskjeleg.

Å vere «innanfor» er å vite at det ikkje er deg det er noko gale med, men systema som avgrensar deg og tener på den dårlege klumpen i magen som du held for deg sjølv. Skal vi nedkjempe utanforskap, må vi nedkjempe systema, ikkje menneska i dei. Og ikkje minst så må vi snakke saman.

TILN NYNORSK VED Aud Søyland