Notis

Tani Dibasey og Only Slime tek over Scene 3

Frå 2025 inngår Det Norske Teatret, Tani Dibasey og Only Slime eit unikt samarbeid på Scene 3.

Frå januar 2025 gir Det Norske Teatrets påtroppande teatersjef, Kjersti Horn, det kunstnarlege ansvaret for Scene 3 til Only Slime og Tani Dibasey. Desse skal lage ein serie framsyningar og happeningar på teaterets minste scene.

Tani Dibasey

Tani Dibasey (f. 1994) er både skodespelar, forfattar og regissør, utdanna ved skodespelarlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo. Han har fått ry som ein teaterfornyar og er involvert i ei rad prosjekt både i det frie scenekunstfeltet og i institusjonsteatera. I arbeidet sitt som scenekunstnar har han fokus på å nå nye og yngre. I 2023 var han nominert til Heddaprisen for Beste mannlege skodespelar/hovudrolle for rolla som Gutten i Den 25. timen ved Den Nationale Scene.

I 2024 blei han og prosjekta han var i bresjen for, heidra med heile to Heddaprisar. Den kritikarroste framsyninga Sorte gutter gråter ikke, som han hadde regien for, blei tildelt Heddaprisen for Beste teaterframsyning. Tani Dibasey personleg blei tildelt den særs høgthengande prisen for Særleg kunstnarleg innsats. I juryens grunngjeving stod det blant anna:

… en svimlende ambisiøs visjon rundt hvordan det aller vanskeligste og mest private kan foredles som bred scenekunst rettet mot et publikum vi sjelden ser i teateret.

Only Slime

Only Slime er ein tverrfagleg, grensesprengande duo som består av Claudia Cox og Tobi Pfeil. Arbeidet deira unngår tradisjonelle sjangrar og kombinerer eit breitt spekter av inspirasjonskjelder som punk, hyperpop, eksperimentelt teater, klassisk musikk, dataspel, black metal og akrobatikk. Med bakgrunnar som spenner over ulike kunstnarlege praksisar som live motion tracking, XR, elektronisk musikkproduksjon, omsluttande VR-opplevingar og teater, utforskar duoen kontinuerleg nye uttrykksformar og forteljarteknikkar.

I 2024 vekte gruppa oppsikt med sin kritikarroste dataspel-opera Afterlife, som hadde premiere på Black Box Teater i Oslo. Framsyninga kombinerer eksistensielle tema, digitale avatarar og autotune-drivne hyperpop-vokalar for å utforske djupe spørsmål om liv, død og identitet, formidla gjennom rammeverket til dataspelforteljinga. Afterlife har blitt vist på Norway Now i New York, Nordic Music Days i Glasgow og Leipzig DOK Exchange XR.

Sjekk ut Only Slime på Instagram her.

Tobi Pfeil (f. 1992, Oslo) arbeidar til dagleg med komposisjon, VR-installasjon, spelprogrammering og elektronisk musikk. Dei har utdanning mellom anna frå Hochschule für Musik und Theater Hamburg, Hochschule der Künste Bern og Rytmisk Musikkonservatorium i København. I 2022 vann dei ANSA Juvenartes førstepris med installasjonen Lied für Ghost.

Claudia Cox
(f. 1991, Australia), betre kjend under hyperpop-aliaset "Peri Winkle", er ein banebrytande, tverrfagleg kunstnar, komponist og utøvar. Ho er kjend for sin nyskapande kombinasjon av musikk, teater, akrobatikk, digital kunst og speldesign. Cox mottok opplæring som klassisk fiolinist alt frå toårsalderen, og i vaksen alder fullførte ho ein mastergrad i New Music Performance. Deretter turnerte ho internasjonalt før ho braut ut av dei etablerte estetiske rammene for å finne sin eigen kunstnarlege veg.

Claudia Cox har opptrådt på prestisjefulle festivalar som Wiener Festwochen, der ho opna festivalen som både akrobat og solofiolinist. Ho har også deltatt på Veneziabiennalen ved den Australske Paviljongen og på Sydney Opera House med det Wien-baserte kompaniet Freestyle Orchestra, som ho er ein av grunnleggjarane av.

Foto: ©©©_SLIME_©©©

Toppfoto Tani Dibasey: Javad Parsa/NTB
Toppfoto Only Slime: Helge Brekke
Foto Heddaprisen: Skjalg Vold/Heddaprisen

Publisert 30. august 2024. Sist oppdatert 4. november 2024.