Notis

Pakketur til oslo

Planlegg du Oslo-tur med klassen? Ønskjer du eit tverrfageleg og kulturelt program? Vi har skreddersydd eit to-dagars program for deg.

Det Norske Teatret, KS Besøkssenter og Engineerium (Aker Solutions) har skreddersydd eit to-dagars program for klassar på Oslo-tur med interaktiv læring i norsk, samfunnsfag og realfag.

Program

Program dag 1:

Realfag: Besøk Engineerium og spel Engineering Challenge.

Norsk: Sjå ei framsyning på Det Norske Teatret med introduksjon.

Program dag 2:

Samfunnsfag: Besøk KS Besøkssenter og spel Kommunespelet. Inkluderer gratis lunsj.

Det er mogleg å snu på rekkefølgja for besøk på Engineerium og KS Besøkssenter i tillegg til å lage opplegg for heile trinn.