Notis

Ein teatergigant har falle

Stein Winge er død, 83 år gamal. Vi minnest ein ruvande regissør, eit leikent, skarpt og kompromisslaust teatermenneske.

Med Stein Winges bortgang er det merkbart stillare i norsk teater. Den ruvande kjempa, brumlebassen med det intense nærværet, teatermennesket med den enorme arbeidskapasiteten har prega, opprørt, begeistra og berika teaterkunsten og eit stort publikum gjennom eit langt, produktivt og rikt liv.

Stein Winge var kompromisslaus og nådelaus i sitt virke, ein mann med eit tydeleg prosjekt, som levde og anda for teateret. Med humor og glimt i auget kunne han drive fram dei mest halsbrekkande og nyskapande framsyningane. Samstundes viste han stor omsorg for sine skodespelarar og var raus i møte med dei yngre kreftene i feltet. Han ville gi alle ein sjanse. Stein Winge hadde eit eineståande oversyn over både det klassiske og det moderne dramaet. Han var leiken, disiplinert, rutinert og skarp. Han var klok, kunnskapsrik, smart og hadde lese det meste. Han var ein allsidig mann, hadde tallause prosjekt gåande samstundes og myndig som han var, fekk han det stort sett akkurat slik han ville. Stein Winge var kjent for eit kraftig uttrykk, og skapte totalteater med alle sine verkemiddel, både ved bevisst musikkbruk og eit sterkt visuelt språk.

Stein Winge var kompromisslaus og nådelaus i sitt virke, ein mann med eit tydeleg prosjekt, som levde og anda for teateret.

Hamlet, 1987
Hamlet, 1987
Macbeth, 1999
Macbeth, 1999
Merlin, 1989
Merlin, 1989
Richard III, 2007
Richard III, 2007

På Det Norske Teatret revolusjonerte han Shakespeare, først med den banebrytande Hamlet med ein vital Bjørn Sundquist i rolla, sidan dei store kongedrama frå Macbeth til Richard III. Merlin, eit 6 timar langt teaterepos bygd på myten om kong Arthur, var grensesprengjande både i form og lengd. Sjølv omtala han det som ei av dei største opplevingane han hadde som regissør. Det siste Stein fekk gjennomført var den 8 timar lange jubileumsframsyninga i samband med teaterets hundreårsmarkering. Det måtte bli den umoglege oppgåva å dramatisere Bibelen. Eit mektig og imponerande arbeid signert ein av dei største kunstnarane i norsk teaters etterkrigstid.

Bibelen, 2013.

Stein Winge var eit dedikert teatermenneske, men også ein kjærleg familiemann. Kona Kari, som han mista etter nesten 60 års ekteskap, og barna Julie, Nikolai og Viktoria betydde alt. Vi på Det Norske Teatret sørgjer saman med barn og barnebarn over ein spesiell og fin mann.

Stein Winge under prøvane til Bibelen, 2013.

Publisert 26. februar 2024.