Den nye språklova skal fremje likestilling mellom nynorsk og bokmål. Lova peikar på eit særskilt ansvar for å styrkje nynorsk, som er det minst brukte norske skriftspråket. Frå førearbeidet til språklova (KUDs framlegg) blir det slått fast at Det Norske Teatret «spelar ei vesentleg rolle for å fremje nynorsk og gje språket ei sentral rolle i samfunnet» (s 34).
Teateret inviterer til ei samling der vi spør: Betyr det noko som helst at lova seier at nynorsken skal prioriterast?
Kunstnarleg innslag
Politisk duell mellom:
Åse Wetås, Direktør, Språkrådet
Erik Ulfsby, Teatersjef, Det Norske Teatret
Monika Haanes Waagan, Dagleg leiar, Nynorsk Bedriftsforum
Peder Lofnes Hauge, Leiar, Noregs Mållag
Svein Olav Langåker, Dagleg leiar, Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Torstein Tvedt Solberg, Stortingsrepresentant, Arbeidarpartiet
Alfred Bjørlo, Stortingsrepresentant, Venstre
Programleiar: Astrid Versto, Det Norske Teatret
Arrangementet på Facebook her!