Om samarbeidet
Kavlifondet eig Kavli og Q-Meieriene og har i meir enn 50 år delt ut pengar til allmennyttige formål. Alt overskot blir gitt til humanitært arbeid, forsking og kultur. Målet er å skape ringverknader i folk sine liv, både for enkeltmenneske, i lokalsamfunn og i storsamfunnet. I 2018 delte Kavlifondet ut til saman 131 millionar kroner. Kvar gong du kjøper eit produkt frå Kavli eller Q-Meieriene, bidreg du til ei god sak.
Det Norske Teatret arbeider aktivt for å ha eit mangfaldig publikum og ein inkluderande profil. Teateret er ein viktig del av kulturarven vår og eit teaterbesøk kan for mange gi rom for å kople av frå kvardagen og hente energi, inspirasjon og refleksjon, og er ein fellesskapsarena og møteplass. Vi ønskjer at personar som elles ikkje oppsøker teateret får moglegheita til det.
Kavli Billettfond for ideelle, frivillige og humanitære organisasjonar er eit samarbeid mellom Kavlifondet og Det Norske Teatret. Her kan organisasjonar, lag og foreiningar søke om billettar for å gå i teateret.
Kavli Billettfond blei oppretta våren 2019, og i overkant av 40 organisasjonar fekk innvilga søknaden sin om teaterbillettar i løpet av året. Det var stor breidde både i organisasjonane som søkte og framsyningane dei søkte om billettar til.
Vi opnar for 2024-søknadar i januar.