 
    Samtale med Athena Farrokhzad Samtale med Athena Farrokhzad
Samtale
La den tause talen komme til orde – Athena Farrokhzad om tragediane.
Svenske Athena Farrokhzad er forfattar, poet, kritikar, dramatikar og omsetjar. Sidan debuten med diktsamlinga Vitsvit (på norsk Hvitverk) i 2013 har ho markert seg som ei sterk og viktig stemme i nordisk litteratur. Stykket Moral ifølge Medea, inspirert av tragedien om Medea, blei sett opp av Kjersti Horn på Torshovteatret i 2019. No kjem denne tragedien ut i bokform saman med to andre tragediar frå Farrokhzad, nemleg Antigones arv og Persernes pris, basert på dei kjende verka til Sofokles og Aiskhylos. Diktsamlinga hennar, Anno asen, kjem i desse dagar ut på norsk. 
 
Vi inviterer til ein uformell frukostsamtale mellom Athena Farrokhzad og dramaturg Ingrid Weme Nilsen om tragedier i vår tid, om det å skrive ei allereie definert historie, om kven som talar og om kven som teier, og om fortellinga som aldri kviler.
SERVERING Gratis kaffi og croassaint
Fagprogrammet er støtta av FRITT ORD.